Hopp til innhald

Fagstoff

Brukaroppleving (UX) – design og utvikling

Når du skal skape ein app, er det viktig å forstå skilnaden mellom å utvikle og designe eit konsept (UX-design) og å programmere eller kode ein ferdig app (UX-utvikling). Her blir du kjend med sentrale omgrep innan brukaroppleving (UX).
Mann og kvinne teiknar opp skisser av nettsider på ei tavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Omgrepet UX står for user experience og blir sett om til "brukaroppleving" på norsk. I bransjen er det vanleg å bruke omgrepet UX, og det vil derfor bli brukt i denne artikkelen.

Når vi snakkar om UX-design, snakkar vi om noko heilt anna enn UX-utvikling. På ein veldig enkel måte kan vi seie at ein UX-designar tenkjer på to ulike ting: opplevingar og behova som eit produkt, altså ein app, skal dekkje, og elementa som er synlege i appen, som ikon, fargar og andre grafiske element.

Ein UX-utviklar, derimot, tek seg av kodinga. Kodinga gjer at designelementa som er nemnde over, både synest og fungerer slik designaren har tenkt.

Design

Ein UX-designar vil vektleggje korleis brukarar navigerer i ein app. Dette handlar om knappar, ikon, fargar, typografi og liknande. Målet til ein designar er å sørgje for at brukarar klarer å bruke appen slik han er tenkt med minst mogleg frustrasjon undervegs.

Tenk på kor sint du blir når ein knapp plutseleg ikkje fungerer, dersom du ikkje forstår kva eit ikon betyr, eller at ikonet betyr noko heilt anna enn det du trudde. Det prøver designarar å unngå at du opplever.

Ei hand held ein mobil med mange fargerike appar. Skriftspråket er kinesisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Koding

Ein UX-utviklar tek utgangspunkt i eit app-konsept eller eit design og prøver å finne dei tekniske løysingane som gjer at det vil fungere optimalt, uavhengig av kva plattformer det blir brukt på. Det kan vere ulike mobiltelefonar, men òg ulike nettbrett eller datamaskiner.

Tenk at du tek i bruk ein app som treng informasjon om lokaliseringa di. Med andre ord kan appen hente koordinatane dine frå GPS-eininga for telefonen. Ein designar kan foreslå funksjonen, men berre ein utviklar kan programmere han.

Ein utviklar kan nytte seg av fleire kodespråk slik som C++, C-Sharp, Python, Swift, Java eller HTML5, alt etter kva operativsystem einingane bruker.

Omgrep og bransjen er i utvikling

Omgrepa i denne bransjen er i stadig utvikling og kan definerast ulikt i ulike miljø. I enkelte fagmiljø kan ein til dømes skilje mellom UX-designar og UI-designar. (UI står for user interface og betyr "brukargrensesnitt".) I enkelte bedrifter kan det òg vere aktuelt at UX-designarar tek seg av både designet og utviklinga, og at det dermed ikkje trengst ein eigen UX-utviklar.

Tek ein utgangspunkt i korleis bransjen har utvikla seg dei siste åra, kan ein tenkje seg at fleire av desse omgrepa og jobbane vil smelte meir og meir saman.

Native-appar og web-baserte appar

Ein native-app blir lasta ned til telefonen din gjennom ei app-teneste. Ein web-basert app får du tilgang til gjennom ein nettlesar.

I midten er det ein mobilskjerm med tre app-ikon. Det eine peiker til ei nettside med teksten "Charty", og ho har eit stort grønt rektangel og fem menyknappar. Dei to andre app-ikona er ein nettlesar og eit ikon med ei pil på. Desse fører til ei anna nettside med ein litt mindre grønn boks og berre tre menyknappar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Native-app

Ein native-applikasjon eller native-app er ein app som du kan laste ned direkte til telefonen din gjennom App Store, Google Play eller tilsvarande tenester.

Fordelen med native-appar er at du får tilgang til kamera, kontaktar, gyroskop og andre innebygde funksjonar som smarttelefonar kjem med. I tillegg får du òg ein distribusjonskanal som alle har tilgang til.

Ulempa med native-appar er at dei er kostbare å utvikle, og at dei må gjennom ein omfattande godkjenningsprosess. Med andre ord, det kan vere vanskeleg for deg som enkeltperson å få appane dine tilgjengelege til fleire personar.

Web-basert app

Ein web-basert applikasjon er i utgangspunktet ei nettside laga i HTML, CSS og Javascript, som er optimalisert for smarttelefonar. Web-baserte appar er både billegare å utvikle og billegare å få ut på marknaden enn native-appar. Alt du treng, er eit domene og tilgang til ein web-server, som du kan skaffe via domeneshop.no, og du er klar.

Web-baserte appar kan ikkje installerast på telefonen, men utviklinga dei siste åra viser at store produsentar jobbar med å leggje til rette for bruken av desse. Apple har til dømes kome med noko som heiter Web Clip, som tillèt at brukarane legg inn ein snarveg til web-appar på startsida til mobilen.

I tillegg finst det òg moglegheit til å ha ei form for hybrid løysing: ein native-app som kan hente mykje av innhaldet sitt frå ein web-basert app.

Skilnaden mellom koda appar og web-baserte appar er at sistnemnde hentar all informasjon frå nettet, og ingenting er lagra lokalt i telefonen. Dei web-baserte appane vil då ikkje krevje at du oppdaterer dei frå Apple Store eller liknande for å få den nyaste informasjonen.

CC BY-SASkrive av Bruno José Teixeira Coelho.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2021

Læringsressursar

Apputvikling og prototyping