Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag betongbjelke

I denne oppgåva skal du lage ein betongbjelke. Bjelken kan brukast i ein terrasse eller som fundament til eit uthus. Du skal lage forskaling, leggje inn armering og støype med betong i forskalinga.

Betongbjelke

Betongbjelken du skal lage, er vist tilnærma slik han ser ut i verkelegheita. Du ser han i eit perspektiv som er på skrå ovanfrå. Vi har sett på mål så det blir lettare å samanlikne med plan- og snitt-teikningane under. Vanlegvis er det berre plan og snitt-teikning som viser kva vi skal byggje.

Målsatt betongbjelke tegnet i perspektiv. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskaling

Teikningane som viser kva vi skal byggje, viser ikkje korleis blir bygd. Det må du finne ut av sjølv. Her er eit forslag til korleis du kan lage forskalingskassettar. Kassettane kan brukast til å lage forskaling for betongbjelken og er spesielt godt eigna til forskaling for fundament. Måla på må du bestemme sjølv. Monter forskalinga som vist på filmen.

Forskalingskassett i perspektiv. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forskalingskassett liggende i perspektiv. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Armering

Armeringa gjer at betongen toler strekk. Her skal du leggje armering i alle fire hjørne av bjelken. Det gjer at han kan brukast som bjelke same kva veg du legg han. Han kan òg brukast som søyle. Armeringa blir kappa og blir bøygd til dei måla som er sette på teikningane under. Monter armeringa som vist på filmen.

Forskaling med armering. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Armeringsjern i forskjellig form målsatt. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Støyping

  1. Betongen blir blanda i ein sementblandar og blir fylt i forskalinga til riktig høgde (høgdejenter).
  2. Film som viser blanding av betong.
  3. For at betongen skal fylle alle hjørne og kantar i forskalinga, må han komprimerast med ein vibrator. Viss du ikkje har vibrator, kan du bruke ei stong som blir rørt raskt opp og ned i betongen.
  4. Glatt betongen på toppen med eit brett slik at du får ei fin overflate.
  5. Forskalinga kan rivast neste dag viss det er varmegrader der du støyper.

Verktøy


med bitar

Krit til merking

Sementblandar

Spade

Trillebår

Materiale

Kryssfinerplater 1500 x 750

Trelast 30 x 98

Spikar: 75 mm galvanisert, 65 mm dobbelthovud

Forskalingsskruar 50 mm

Armeringsstolar

Jernbindartråd

HMS

Før denne jobben startar, må du og dei du skal jobbe saman med, utføre ein sikker jobbanalyse.

Sikker jobbanalyse (SJA)

Dokumentasjon

Arbeidslogg og eigenvurdering (tømrar)

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Betongarbeidaren