Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag fundamentforskaling

I denne oppgåva skal du lage ei fundamentforskaling av trebord og kryssfinerplater. Etter at det er støypt betong i forskalinga, er betongen fundamentet for eit hus. Forskalinga skal rivast og blir brukt på nytt til eit anna fundament.

Oppgåve

Du skal starte med å lage forskalingskassettar viss du ikkje har kassettar. Støyping av betong i forskalinga er ikkje ein del av oppgåva. Det er derfor ikkje sett noko mål på kor høgt fundamentet skal vere. Det er vanleg at eit fundament er ca. 300 mm høgt. Kassettane er dei same som i oppgåva "Lag betongbjelke". Ein av kassettane i kvart indre hjørne må tilpassast for å få riktig lengd og samanføying.

  1. Lag forskalingskassettar som vist på teikninga.
  2. Bruk måla frå teikninga og lag ei fundamentforskaling av kassettane.
  3. Set saman forskalingskassettane med spikar og skruar.
  4. Lag ei støtte mellom hjørna slik at forskalinga står i lodd.
  5. Spikr fast stålband under og bord over forskalinga etter kvart.
  6. Kontroller at alle vinklar er 90 grader ved å måle at er like lange.
  7. Kontroller at forskalinga er «snorrett» ved å bruke snor.

Forskalingskassettar

Forskalingskassettar blir laga av bord og kryssfinerplater. Dei blir sette saman med galvanisert spikar som ikkje rustar. Det er fordi kassettane ikkje skal demonterast som vanleg forskaling.

Forskalingskassett i perspektiv. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Forskalingskassett liggende i perspektiv. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teikning av fundament

Hugs at teikninga viser korleis det ferdige fundamentet skal sjå ut. Du må bestemme korleis forskalinga skal sjå ut.

Målsatt plantegning av betongfundament. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verktøy

  • /meter
  • med bitar

Materiale

  • Kryssfinerplater 750 mm x 1500 mm
  • Forskalingsbord 30 mm x 98 mm
  • Spikrar (kassettar) 55 mm og 75 mm galvanisert
  • Stålband
  • Forskalingsskruar (montering) 50 mm og 75 mm
  • Spikrar (montering) 95 mm blank eller 75 mm dobbelhovud

Sikker jobbanalyse

Arbeidslogg og eigenvurdering

CC BY-SASkrive av Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 12.06.2020

Læringsressursar

Betongarbeidaren