Yrkesliv i barne- og ungdomsarbeidarfag (HS-BUA vg2)
- Felles programfag saman med:Kommunikasjon og samhandling (HS-BUA vg2)ogPedagogisk arbeid (HS-BUA vg2)
- Bygger på:Yrkesliv i helse- og oppvekstfag (HS-HSF vg1)
Omsorg i trygge miljø
Omsorg er noko alle treng. Ifølgje barnekonvensjonen har barn rett til omsorg og vern mot vald og overgrep. Omsorg skal prege alle situasjonar i kvardagslivet. Det bidreg til å skape tryggleik og trivsel og er ein viktig føresetnad for læringa og utviklinga til barn.
Mobbing og mistrivsel
Alle som arbeider med barn og unge, har plikt til å følgje med på kva som skjer i miljøet, og gripe aktivt inn viss dei ser at barn blir utsette for krenkingar eller mobbing. Pedagogiske institusjonar må ha gode rutinar for å observere og undersøkje korleis miljøet er, og stoppe uønskte handlingar.
Læringsressursar
Mobbing og mistrivsel