Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver i scenografi

I desse oppgåvene skal du beskrive scenografien i ein kortfilm. Du skal òg øve deg på å planleggje scenografi saman med andre elevar.
Stillbilete frå kortfilmen Tuba Atlantic. Ein eldre mann ser med trist mine på eit røntgenbilete av ei brystkasse, der det er ein stor, mørk flekk mellom lungene. Ein mann i kvit legefrakk held opp røntgenbiletet, og i bakgrunnen står det eit plastskjelett i hjørnet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Beskriv scenografien
    I Tuba Atlantic møter vi grinebitaren Oskar som berre har seks dagar att på å forsone seg med bror sin før han døyr. Beskriv korleis scenografien i kortfilmen støttar opp under handlinga og karakterane i filmen. Sjå på val av klede, møbel gjenstandar og lyssetting.
  2. Gruppeoppgåve
    Gå saman i grupper på 3–4 elevar. Kvar gruppe skal samarbeide om å planleggje ein scenografi med utgangspunkt i denne synopsisen:
Synopsis til gruppeoppgåve

Forfattar: Kristin Eriksen Vold

Introduksjon

I denne kortfilmen møter vi Hans. Han er hovudkarakteren. Vi møter han først i huset der han bur. Dette er for best å kunne vise korleis han er som person. Han har det rotete heime, og ved å vise dette får vi fram at han ikkje har det så lett. Han har det ganske rotete i sitt eige hovud òg.

Etter kvart ringjer telefonen til Hans, og då blir vi presenterte for hovudkonflikten i historia. Hans har lova å skrive ein stil for bestekameraten sin, Morten. Om han skriv stilen, får han 1000 kr, og dei pengane treng han sårt. Han har nemleg lånt 1000 kr av bestemor si og har sagt at han har pengane klare. Ho skal få dei att når han har vore i banken neste dag.

Dette er målet til hovudkarakteren. Normalt er Hans flink til å skrive festlege essay, men no har han ikkje fått det til. Morten ringjer og seier at han må ha stilen seinast neste morgon. Om han ikkje får stilen, får ikkje Hans pengane. Og då har han eit forklaringsproblem for bestemora. Introduksjonen gjer at vi forstår at Hans er ein person som lyg mykje.

Hovuddel (spenninga skal trappast opp)

Hans set seg ned for å skrive. Då ringjer telefonen igjen. Det er bestemora. Ho inviterer på middag. Hans prøver å seie at han ikkje kan, men ho blir så skuffa at han seier ja likevel (antagonist).

Timane går, og Hans får ikkje sett seg ned for å skrive før det er seint på ettermiddagen. Mens datamaskina skrur seg på, går han for å hente seg cola i kjøleskapet. Halvannan liter går unna i løpet av ti minutt. Han startar på overskrifta. «Cola» står heilt åleine øvst i Word-dokumentet. Den korte lyden frå Facebook-chatten knepper, og Hans opnar vindauget for å sjå kven det er. Det er Nina. Hans blir raud i kinna og smiler. Ho vil ha han med på kino. Han skriv inn «Ja», slettar det, og skriv «Nei, sorry, må arbeide», men slettar det òg. Han sender til slutt «J», ho skriv tilbake «J, snakkast om ti minutt, då» (endå ein antagonist). Hans går ut døra.

Det er nesten midnatt når Hans kjem heim att. Han traktar kaffi for å halde seg vaken. Morten ringjer. Hans lyg og seier han snart er ferdig. «Cola» står framleis åleine i dokumentet. Hans skriv inn «Cola og kaffi». Han bestemmer seg. No må han skrive. Han skrur av telefonen, loggar ut av Facebook og startar å skrive om kor vanskeleg det har vore å skrive. Vendepunktet i filmen er her. Han har ingen annan veg å gå enn å skrive ned noko, slik at han kan levere ein stil om nokre timar.

Avslutning

Det er tidleg morgon. Hans set punktum etter siste setninga. Det ringjer på døra, Morten kjem rett inn. Hans skriv ut stilen og gir han til Morten, som vil lese gjennom før han betaler. Hans trommar nervøst med fingrane mens Morten les.

Når Morten legg ned papiret, ser han på Hans. Her er klimakset i historia. Filmen er på sitt mest spennande. Vil Morten betale for stilen? Morten seier at han ikkje kan betale for stilen, han kan ikkje eingong levere inn noko så dårleg, så no kjem han til å få merknad av læraren for å ikkje levere til avtalt tid. Morten går, Hans sit igjen og tek opp telefonen. «Bestemor? Eg må innrømme noko. Eg har ikkje pengane eg skuldar deg. Kan eg gjere noko for deg i staden? Klippe plenen din? Rydde garasjen?» For første gong i filmen er Hans ærleg. Hovudkarakteren vår har endra seg.

Relatert innhald

Oskar skal døy om seks dagar og vil forsonast med bror sin på andre sida av Atlanteren. Korleis få kontakt? Ved å vekkje til live verdas største tuba!

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Filmproduksjon