Hopp til innhald

Fagstoff

Karakterar og rollebesetning

Casting betyr å finne rett person til rett rolle i ein film. Skodespelarane synleggjer det indre og ytre livet til karakterane. Kostyme og sminke gjer rollefigurane tydelegare.
Pippi Langstrømpe med apekatt på skulderen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Casting

Filmforteljinga di er ferdig utarbeidd. Men kven er det som skal gje andletet og røysta si til figurane i forteljinga di? Casting, eller rollebesetning, går ut på å finne den rette personen til å framstille ein bestemt karakter i ein fiksjonsfilm.

Profesjonelle filmprodusentar bruker eigne castingbyrå som leitar opp personar som kan passe til ulike roller. Vanlegvis blir profesjonelle skodespelarar brukte i hovudrollene, og amatørar i statistrollene. I større produksjonar blir skodespelarane først inviterte til ein audition der dei kan vise seg fram for regissøren.

I filmar der barn eller ungdom speler hovudroller, er utstråling ofte viktigare enn erfaring som skodespelar. Er det i det heile teke råd å tenkje seg Pippi Langstrømpe i ein annan skikkelse enn slik Inger Nilsson framstilte henne i dei opphavlege Pippi-filmane?

Korleis finne den rette?

Profesjonelle filmprodusentar kan velje og vrake mellom skodespelarar. Det kan neppe du, dersom du ikkje har nære vener eller slektningar i skodespelarbransjen. Manuset ditt bør derfor ikkje vere så krevjande at det ikkje kan framførast av amatørskodespelarar.

Start gjerne med å leite opp bilete av skodespelarar eller andre personar som har den "looken" du er på jakt etter. Kopier biletet og skriv ned nokre setningar om personlegdomen til karakteren, og korleis han eller ho vanlegvis snakkar og oppfører seg. Deretter kan du prøve å finne ein lokal person som liknar.

I ein skuleproduksjon kan du for eksempel leite etter personar som passar til karakterane dine, i kantina eller på personalrommet. Dersom du vil bruke barn som skodespelarar i produksjonen din, må du har skriftleg løyve frå foreldre eller føresette.

Lag eit prøveopptak

Nokre menneske er fotogene, andre ikkje. Derfor er det viktig å gjere eit prøveopptak med dei aktuelle personane for å sjå korleis dei tek seg ut på film. Mange blir overraska når dei ser kven som har utstråling på filmlerretet.

I tillegg kan du teste om dei personane du har valt, er i stand til å gje liv til ei rolle gjennom andletsuttrykk og replikkar. Ikkje alle fiksar å stå framføre eit kamera. Test gjerne fleire kandidatar til kvar rolle, slik at dei du vel bort, ikkje opplever at dei blir "vraka".

Avtal kor mykje tid dei som deltek, må regne med å bruke, og kva for godtgjersle dei eventuelt skal ha for jobben. Å bli invitert til premieren kan for mange vere godtgjersle nok. Og hugs å la namnet på skodespelarane komme tydeleg fram i rulleteksten.

Karakter og rollearbeid

Skodespelaren har ei dobbel oppgåve. Han skal gje uttrykk for kjenslelivet til karakteren – det "indre livet". I tillegg skal han vise korleis rollefiguren handlar i forhold til det og dei som omgjev han. Dette kallar vi det "ytre livet" rolla har. Ei god rolletolking krev altså at ein bruker både hovud, kropp og kjensler.

I dette videoklippet fortel skodespelaren Tom Larsen korleis han jobbar med rollene sine:

Regi

Regissøren er den øvste kunstnariske leiaren. Det inneber at han eller ho har eit overordna ansvar for å velje dei sceniske verkemidla som skal brukast i produksjonen.

Kostyme

Kostymedesignaren går som regel saman med regissøren gjennom alle rollene i stykket og lagar deretter forslag til kvar enkelt rolle. Det er mange forhold som må avklarast: Kva tidsepoke går filmen føre seg i i? Har somme av rollene særtrekk som bør speglast i kostymet?

Sminke

Sminka medverkar òg til å forme ein rollekarakter. Skal karakteren vere gammal, vert rynker forsterka og markerte. Skal karakteren vere ung, får han kanskje litt ekstra raude kinn eller lepper. Sminka bør svare til spelestilen i stykket. Ho må òg stå i stil med kostyma.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal, Merete Brustad og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2017

Læringsressursar

Filmproduksjon