Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk forteljeteknikkar og verkemiddel

I desse oppgåvene skal du utforske og reflektere over val av forteljeteknikkear og verkemiddel, i eigen og andres medieproduksjon.

I mediefaga øver du på å bruke ulike stilar, verkemiddel, forteljeteknikkar og dramaturgi i eigne medieuttrykk. Du lærer å tilpasse innhaldet ditt til føremål, bodskap, målgruppe, situasjon og medieplattform. No skal du utforske forteljeteknikkar og verkemiddel i eigen og andres produksjon. Du skal først studere animasjonsfilmen Sinna Mann.

Oppgåve A

Del 1: Bruk sansane dine!

I kortfilmen Sinna Mann er det brukt bestemte forteljeteknikkar og sterke verkemiddel for å nå målgruppa med ein alvorleg bodskap. No skal du sjå starten på kortfilmen – anslaget – ved å bruke nokre av sansane dine.

Vel mellom å sjå klippet utan lyd og teksting eller å lytte til klippet utan å sjå på bileta. Forsøk å førestille deg kva som skjer.

Etter å ha sett eller høyrt klippet kan du snakke med ein annan om kva de trur kortfilmen handlar om.

Del 2: Vurder forteljeteknikkar og verkemiddel i Sinna Mann

Animasjonsfilmen Sinna Mann er laga av Anita Killi etter ei barnebok av Gro Dahle og Svein Nyhus. Temaet i filmen er vald i nære relasjonar. Sjå filmen, og svar på spørsmål om bruken av verkemiddel og forteljeteknikkar.

Forteljeteknikk


  • Kva handlar filmen om, og kva vil han fortelje oss (tema og bodskap)?
  • Kven er forteljaren i filmen?
  • Kva effekt skaper valet av barnestemma som fortel?
  • Kva synest du om anslaget i filmen?
  • Kven meiner du er målgruppa for filmen?
  • Trur du filmen klarer å vekkje og halde målgruppa interessert?
  • Korleis er dramaturgien i filmen?

Verkemiddel

  • Kva for nokre filmatiske verkemiddel er brukte i anslaget?
  • Korleis er dei filmatiske verkemidla med på å understreke bodskapen?
  • Kva slags lydar er med på å understreke ulike stemningar i filmen?
  • Beskriv spesielt korleis lyden i starten av filmen er med på å gi forteljinga ein ekstra dimensjon.
  • Kva slags musikk er brukt, og kva verknad har han?
  • Kva verkemiddel er brukte i teikningane? Sjå på fargebruk, kontrastar (til dømes i storleik og form), utsnitt og perspektiv.
  • Kva verkemiddel bruker teiknaren Svein Nyhus for å få fram Bojs oppleving av Sinna Mann?
  • Gjentakingar framhevar og forsterkar det vi seier. Kva gjentakingar finn du? Kva verknad har dei?
Ein mann med dressbukse, kvit skjorte, raud sløyfe og bukseselar strekkjer armane ut til sida. Ein svart skuggemann veks ut av brystet på han. Stillbilete frå animasjonsfilmen «Sinna Mann».

Oppgåve B

Del 1: Utforsk eit nytt forteljegrep

Skriv eit framhald av Sinna Mann sett gjennom auga til ein av desse personane:

  • mora
  • faren
  • kongen


Tenk over kva forteljetekniske grep du kan gjere for å halde spenninga oppe. Det kan til dømes vere

  • å skrive vidare på historia, i kronologisk rekkjefølgje
  • å starte med tilbakeblikk eller gå fram i tid
  • å begynne midt i ein episode (in medias res)

Korleis forandrar historia seg når du skiftar forteljar? Skjer det noko med dramaturgien (oppbygninga)?

Del 2: Legg til passande verkemiddel

Sjå for deg at du får i oppdrag å lese inn den nye historia din. Det ferdige produktet skal bli ei lydbok for barn. Kva verkemiddel ville du ha brukt for å skape bilete i hovudet på lyttaren? Lydlege verkemiddel du kan bruke, er til dømes

  • stemmer og replikkar (innlesinga, tempo, stemmer)
  • lydeffektar
  • miljølydar
  • musikk
  • stille/pausar

Spel av lydfortejlinga di i klassen. Kva forteljegrep likte de best / synest de var mest kreative hos dei andre? Kva verkemiddel synest de fungerte bra?

Relatert innhald

Norsk animasjonsfilm av filmskapar Anita Killi om vald i nære relasjonar. Filmen er basert på ei biletbok av Gro Dahle og Svein Nyhus.

Lyd kan skape bilete eller vere med på å fylle ut dei bileta du ser. Her kan du lære korleis lyd kan brukast som verkemiddel i ulike medieproduksjonar.





CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel