Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljarelement i film

Når du lagar ein film, bruker du ulike forteljarelement. Forteljarelementa må trekkje saman og støtte opp under den bodskapen du ønskjer å formidle. Ikkje fortel alt! Lat publikum oppfatte noko på eiga hand.
Gammal dukka med grøn auge og hol i panna. Foto.

Slik byggjer du opp ei filmforteljing

Ei filmforteljing bør ha ein introduksjon, ein hovuddel med eit vendepunkt (komplikasjon) og ei avslutning (resolusjon). Dersom filmen din er på 60 sekund, bruker du 15 sekund på innleiinga, 30 sekund på hovuddelen, og 15 sekund på avslutninga.

I introduksjonen presenterer du konflikten, hovudkarakteren og miljøet handlinga går føre seg i. Det er viktig å engasjere publikum, slik at dei får lyst til å sjå resten av filmen. I hovuddelen blir konflikten og spenninga trappa opp. Det heile toppar seg når forteljinga når klimaks. I avslutninga blir spenninga utløyst, og lause trådar nøsta opp.

Hald publikum på pinebenken! Ingen ønskjer å sitje tilbakelent i sofaen og få heile historia servert på fat. Hald tilbake informasjon og gi små hint for å skape forventningar hos publikum om at noko skal skje. Det blir ekstra spennande når vi som ser på filmen, veit meir enn hovudkarakteren.

Scenen

Eksempel på bildemanus med  visuell skisse og plass til tekst. Faksimile.

Deretter må du fokusere på det som skal skje framføre kamera. Det gjer du best ved å lage eit biletmanus i førekant. I biletmanuset skildrar du kva som skjer, og kva karakterane i filmen gjer og seier.

Som oftast treng du ein eller fleire skodespelarar. Jobben med å finne den skodespelaren som passar best til rolla, kallar vi casting. I nokre filmar bør karakterane ha eit bestemt kostyme og /eller vere sminka på ein bestemt måte.

Omgivnaden som karakterane opptrer i, er eit viktig forteljarelement. Tenk derfor nøye gjennom val av location, det vil seie staden eller lokalitetane der opptaka skal gjerast.

Lag ei liste over gjenstandar, rekvisittar, som skal vere med i opptaka. Opptak utandørs er ofte avhengig av årstid og vêr. Du må sørgje for rett lys og tenkje over kva for effektar ulik lyssetjing kan gi. Fargar på klede og gjenstandar, og fargetonen i filmen (varm, kald) er også viktige forteljarelement.

Kamera

Bilete av ei kvinne der raude rammer viser ulike biletutsnitt. Foto.

Ein film består av ein serie av enkeltbilete. Film og foto har derfor mykje felles. I fotoverkstaden finn du mange nyttige tips til biletkomposisjon, biletutsnitt, biletvinklar og fokusering.

I ein film er det viktig å variere biletutsnittet. Eit heiltotalbilete gir oversikt over miljøet og situasjonen. Personane blir gjerne presenterte i totalbilete, men når dei snakkar saman, skifter du til eit halvnært bilete. Da er det enklare å følgje dialogen. Nærbilete eignar seg godt når du vil vise kjensler og korleis ein person reagerer på det som skjer.

Dersom du køyrer kameraet, kan du følgje ein person eller gjenstand i fart. Bruk fantasien, og finn ein rullande gjenstand som du kan feste kameraet til! Rørslene kan også vere vertikale (kran). Da må du kunne heise og senke kameraet. Når du zoomar inn og ut, står kameraet stille. Men den som ser på, får likevel ei kjensle av rørsle.

Vanlegvis er kameraet ein tilskodar til det som skjer. Det blir kalla objektivt kamera. Men vi kan også bruke kamera til å vise korleis ein av karakterane i filmen opplever det som skjer. Det kallar vi subjektivt kamera.

Lyd

Ein film består av den lyden du tek opp når du filmar, og lyd som du legg på i etterkant. Diegetisk lyd er lyd som er ein naturleg del av filmuniverset. Det kan vere nokon som snakkar saman (dialog), ein bil som køyrer forbi, eller lyden frå eit musikkanlegg. Musikk eller andre lydeffektar legg du på som eit ekstra lydspor i etterkant.

Reporter klipper sammen en nyhetssak i studio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Redigering

Ei viktig oppgåve for redigeraren er å korte ned forteljartida ved å fjerne uvesentlege scenar og konsentrere seg om dei scenane som er sentrale i forteljinga. Det er mest vanleg å gjere klipp mellom ulike scenar ”usynlege” ved hjelp av inntoning, uttoning og overtoning. Men du kan også bruke synleg klipping, jump cut, som eit forteljarelement i filmen. Det same gjeld montasjeklipping. Da klipper du saman to ulike scener, og lèt publikum skape seg eit ”tredje bilete” av samanhengen heilt på eiga hand.

Ein film bør ha ein tydeleg klipperytme. Denne rytmen er pulsen i forteljinga di. Klipperytmen blir bestemt av avstanden mellom kvart klipp. Det er vanleg å auke klipperytmen når spenninga stig.

I dag er det enkelt å leggje til animasjonar og andre digitale effektar i ein film. I profesjonelle filmar blir det lagt ned mykje etterarbeid med lys-, farge- og lyd-design før filmen er ferdig.

Relatert innhald

I denne oppgåva skal du lage ein skrekkfilm basert på manus og storyboard som er laga av andre.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 06.04.2022

Læringsressursar

Forteljeteknikk og verkemiddel