Hopp til innhald

Fagstoff

Å skrive i mediefag

Kvifor er skriving ei relevant ferdigheit i arbeidet med mediefag? Gjer det noko om filmrulleteksten har skrivefeil, eller at Olga på 87 år ikkje forstår slagordet i reklamen din?
Handskriven plakat med teksten "Vi åpner klåka 10". Foto.

Forhåpentleg svarer du ja på desse spørsmåla. Dei fleste av oss synest det er forstyrrande når ord er skrivne feil, eller når vi ikkje forstår kva ein reklame prøver å kommunisere.

Mykje av skrivinga i skulen har som formål å "befeste, lagre og strukturere fagkunnskap av ulikt slag", observerer Jon Smidt i fagboka På sporet av god skriveopplæring.

Slik er det i mediefaga òg, vi skriv for å lagre og sortere kunnskap. Men skriving i mediefaga handlar om meir enn berre å hugse det du har lært. Du skal òg utvikle og styrkje tekstkompetansen. Når du lagar innhald tilpassa ulike sjangrar og målgrupper, trener du opp tekstkompetansen din.

Dessutan bruker vi skriving for å beskrive planar, dokumentere prosessar og presentere arbeid med medieproduksjon.

Skrive for å produsere

Kvinne sit ved eit bord og skriv for hand. Fotografiet viser berre hendene, den eine armen og litt av overkroppen hennar. Ark, pennar og blokker med post-it-lappar ligg utover bordet. Foto.

I mediefaga må du kunne uttrykkje deg skriftleg i mange ulike sjangrar og til ulike målgrupper. Det du skriv, må dessutan kommunisere godt. Derfor gjer du lurt i å utvikle skriveferdigheitene dine. Det handlar om alt frå korleis du utformar teksten med riktig rettskriving og teiknsetjing til korleis du planlegg, reviderer og produserer tekstar tilpassa mottakar, innhald og formål.

Tekstkompetanse i mediefaget kjem mellom anna til nytte når du skaper

  • ulike informerande, argumenterande, underhaldande og journalistiske tekstar

  • manus til lyd- eller filmproduksjonar

  • innhald til reklamemateriell

  • overskrifter, slagord eller rulletekstar

Skrive for å dokumentere

Både i arbeidslivet og på skulen kjem du i situasjonar der det er viktig å dokumentere arbeid som er gjort, eller som skal gjerast. I ein TV-produksjon blir til dømes køyreplanar brukte for å beskrive ansvarsområde og oppgåver. Slik får alle i teamet oversikt over kva som må gjerast for å lage programmet.

Dokumentasjon i mediefaga handlar òg om å skrive loggar, rapportar og planar. Å skrive logg for å dokumentere kva du har gjort og tenkt i ein medieproduksjon, kan hjelpe deg å reflektere over eigen praksis og læringsarbeid. Du og læraren din kan òg bruke det som læringsbevis og dermed som grunnlag for vurdering.

Sjå døme: Dokumentasjon av medieproduksjon (ndla.no).

I desse arbeidsprosessane kan òg skriftleg dokumentasjon kome til nytte:

  • idéutviklingsarbeid

  • lage produksjonsplan/køyreplan

  • loggar

  • rapportar

  • kampanjeplanar

Skrive for å presentere

Når du jobbar med ulike medieuttrykk, blir du ofte bedt om å presentere arbeidet ditt når du er ferdig. Publikum kan vere medelevar, lærarar eller ein potensiell oppdragsgivar. Då hjelper det å ha førebudd eit godt manus og ein presentasjon med tydeleg og feilfritt språk. Mediebransjen treng folk som kan skrive gode talar, pitchar og andre typar presentasjonar. Som medieprodusent hamnar du ofte i situasjonar som krev at du er ein god formidlar.

Elevar sit ved pultar og skriv. Foto.

Skrive i faget

I mediefaga må du meistre mange ulike teksttypar, men ikkje alle teksttypane handlar om å skape eit kreativt manus eller ein spennande reportasje. Du må òg meistre å skrive i faget. Derfor gjer du lurt i å lære deg å skrive drøftande artiklar og fagtekstar tidleg, slik at du får mykje øving. På vg3 er skriftleg fagtekst ein del av eksamensforma. Oppgåva kan gå ut på å diskutere eit mediefagleg tema eller ei anna relevant problemstilling. Då må du vere i stand til å planleggje, utforme og omarbeide tekstar med faglege omgrep og teoriar.

Kjelder

Smidt, J. (2011). På sporet av god skriveopplæring. Fagbokforlaget.

Utdanningsdirektoratet (2020). Grunnleggjande ferdigheiter. I Læreplan i medie- og informasjonskunnskap (MIN01-03). https://www.udir.no/lk20/min01-03/om-faget/grunnleggende-ferdigheter

Utdanningsdirektoratet (2020). Grunnleggende ferdigheter. I Læreplan i mediesamfunnet (MOK01-02). https://www.udir.no/lk20/mok01-02/om-faget/grunnleggende-ferdigheter

Utdanningsdirektoratet (2020). Grunnleggende ferdigheter. I Læreplan i medieuttrykk (MOK02-02). https://www.udir.no/lk20/mok02-02/om-faget/grunnleggende-ferdigheter

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 13.04.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag