Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet skriving i mediefag

Sjekk kva du har fått med deg i vg2-emnet om skriving i mediefaget.
Bilete teke frå ei t-banevogn. Passasjerar i bakgrunnen. Hender som held og trykkjer på eit nettbrett i framgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du forstått?

Om du kjenner deg igjen i alle påstandane nedanfor, har du studert emnet godt.

  • Du forstår at skriving er ein viktig del av mediefaget, og at vi bruker skriving til mykje ulikt på linja medium og kommunikasjon.
  • Du ser verdien av å utvikle skriveferdigheiter. Du ser at det kan styrkje arbeidet ditt med planlegging, utforming, produksjon, dokumentasjon og presentasjon i mediefaga.
  • Du forstår at ein skriveprosess er ein produksjonsprosess med fleire fasar.
  • Du har samskrive og/eller samarbeidd om å produsere tekstar med andre.
  • Du har jobba med språkarbeid, som å skrive variert og lage skildringar med god rettskriving.
  • Du har skrive tekstar til ulike mediesjangrar og til ulike målgrupper.
  • Du har produsert ulikt tekstinnhald for skjerm og brukt ulike program for å setje saman ei digital historie.
  • Du veit meir om korleis du kan kommunisere skriftleg både til interne og eksterne samarbeidspartnarar og/eller oppdragsgivarar.
  • Du har fått øving i å skrive fagartiklar og nyheitssaker.

Fagomgrep

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 26.03.2021

Læringsressursar

Skriving i mediefag