I denne øvinga skal du førebu hesten til fôret på beite, og du skal sjekke beitet.
Tilvenning til gras
Om tre veker skal hesten din bli sleppt på beite. Sidan overgangen til ein grasbasert diett kan gi nokre hestar problem, må du planleggje ein god overgang for hesten. Lag ein tabell som viser kor lenge hesten skal få tilgang til gras per dag i denne perioden fram til beiteslepp.
Sjekk beitet
Det er viktig å sikre at beitet både er trygt og at det dekkjer hesten sine behov for mat, drikke og ly. I denne øvinga skal du sjekke beitet til hesten.
Er beitet stort nok?
Er alle gjerde sikre?
Sjekk vasstilgang og moglegheit for ly.
Inspiser vegetasjonen. Finst det godt gras? Kva er godt gras? Finst det uønskte planteartar?
Finst det nokon andre potensielle farar på området? Korleis skal hesten eventuelt sikrast mot desse?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Bente Ryen.
Sist fagleg oppdatert 14.12.2021