Tid, areal og pengar er viktig innsatsfaktorar. Bruk tid på å berekne for å utnytte ressursane dine på best mogleg måte.
Oppgåve 1: Areal og gjerde
Du planlegg å setje opp ein luftegard til hest. Området du har sett deg ut, er 40 m breitt og 60 m langt (rektangulært).
- Kor stort areal får hestane å gå på? Gi opp svar i både m2 og dekar.
- Det er tilrådd at ein luftegard for hestar skal vere minst 0,8 dekar per hest. Kor mange hestar tenkjer du det er greitt å ha i denne luftegarden?
- Kor langt blir gjerdet?
Oppgåve 2: Pris
Du ønskjer å setje opp gjerde. Det skal bestå av gjerdestolpar i tre og brei straumtråd. Du sjekkar på nett og finn følgjande prisar:
Vare | Pris |
---|---|
Gjerdestolpar | 79 kr per stykk |
Isolatorar | 3 kr per stykk |
Straumtråd | 340 kr for 200 meter tråd |
Tauport med grindhandtak | 179 kr per stykk |
Set opp eit budsjett over kva materiala til gjerdet vil koste deg. Det skal vere 2,5 meter mellom kvar gjerdestolpe, to høgder med straumtråd og to portar.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Bente Elisabeth Ryen.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020