Hopp til innhald

Fagstoff

Språk er makt

Den som behersker eit språk og har god grammatisk og kommunikativ kompetanse, står i eit maktforhold til ein person som ikkje behersker alle sider ved språket like godt. Vi skal her sjå litt nærare på påstanden "språk er makt".
Full konferansesal. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På internasjonale konferansar der konferansespråket er engelsk, har dei som har engelsk som morsmål, ein stor fordel. Dei kan uttrykkje seg med fleire nyansar og bruke illustrasjonar som ein med anna morsmål ville ha vanskeleg for.

Engelsktalande har kanskje ikkje berre ein fordel, men kanskje makt, i forhold til dei som ikkje har engelsk som morsmål.

Eitt fellesspråk?

Det har av og til vore hevda at det hadde bore ein fordel dersom alle deltakarane på slike konferansar hadde engelsk som fremmedspråk. Viss ingen fekk kommunisere på morsmålet sitt, ville alle uttrykt seg enklare enn og forstått kvarandre betre.

Kva tenkjer du om dette? Kva fordelar ville det ha dersom ingen på ein konferanse hadde engelsk som morsmål, men bruka språket som kommunikasjonsspråk? Ville det ha vore nokre ulempar med dette?

Engelsk i Kina

Bilder fra kina lagt inn i et kinakart. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Her er nokre døme på korleis engelsk har vore brukt i Kina: Kinesisk og engelsk

Kva tenkjer du er grunn til misforståingane? Ser du no nokre fleire ulempar ved å bruke engelsk som kommunikasjonsspråk?

Minoritetar i Noreg

Også minoritetane som kjem hit til Noreg, kan ha problem med å uttrykkje seg på norsk: «Når eg er med på ein diskusjon, føler eg meg som eit barn, for eg får ikkje uttrykt det eg gjerne vil seie. Men eg er jo ikkje eit barn inni hovudet mitt», sa ei kvinne frå ein minoritet i Noreg til forfattaren.

«Når du ikkje kan språket, ikkje skjønnar noko, då er du liksom berre ein halv person», Abel 18 år.

Ein elev som aldri får hevde seg og aldri får vist kva han kan, vil føle seg underlegen og kanskje utvikle negativ identitet.[1]

Kva meiner vi med negativ identitet? Kva inneber dette? Kan du tenkje deg nokre konkrete eksempel?

Kor vanskeleg er eigentleg norsk?

Her er nokre døme på kva slags utfordringar utlendingar har når dei skal lære norsk:[2]

Døme 1
Nokre ulike tydingar av same verb:
Karlsen gjekk av med pensjon.

Brann gjekk av med sigeren.

Beltet gjekk av på midten.

Arne gjekk av på Hamar.

Kva gjekk det av han?

Hesten gjekk gjennom isen.

Sjefen gjekk gjennom søknadene.

Forslaget gjekk gjennom.

Ingen kan forstå kva eg gjekk gjennom.

Eg gjekk gjennom byen.

Han gjekk opp trappa.

Han gjekk opp to lønnstrinn.

Kabalen gjekk opp.
Det gjekk opp eit lys for han.
Han gjekk opp i vekt.

Døme 2

Vi brukar slike uttrykk som: «Når du snakkar om sola, så skin ho ...». Det betyr at den personen du snakkar om, plutseleg kjem inn døra. Ein utlending vil sannsynlegvis ikkje kjenne denne tydinga, men vil ta utsegna som eit uttrykk for at sola skin.

På engelsk uttrykkjer dei det same med følgjande idiom: «Talking about the devil...». Når dei på engelsk seier: «She has kicked the bucket», vil dei fleste nordmenn omsetje uttrykket med at ho har sparka til bøtta. Men på engelsk betyr utsegna at ho er død.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing