Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Drøft kommunikasjon

Ung jente med mobiltelefon sender SMS. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg kommunikasjon

  1. Du kan formidle meldinga din gjennom ulike kanalar. Kva er skilnaden på å formidle ho
    • direkte ansikt til ansikt
    • i telefonen
    • i ei tekstmelding
  2. Kva bør du som avsendar tenke på når du vel kanal? Er det skilnad på korleis du kodar meldinga?
  3. Kva kan opptre som støy i dei tre kanalane i oppgåve 1?

Mediekommunikasjon

  1. Formuler eigne definisjonar av omgrepa avsendar, koding, bodskap, kanal, støy og mottakar med vekt på å beskrive det som skjer i ein mediekommunikasjon.
  2. Drøft følgjande med ein medelev eller i grupper:
    • Korleis kan de bruke prosessmodellen til å finne og forstå støy i mediekommunikasjon?
    • Bruk alle omgrepa og skriv ei kort forklaring om prosessmodellen.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Kommunikasjon og kulturforståing