Hopp til innhald

Fagstoff

Konfigurasjon av trådlause nettverk

Når du skal setje opp trådlause nettverk, er det viktig at du sørgjer for at dei fungerer optimalt og er tilstrekkeleg sikra. Dette gjer du ved å konfigurere dei trådlause einingane.
Mange små ikoner med elektriske produkter som kan styres via app. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å konfigurere WIFI løysinga

Å konfigurere ei Wi-Fi-løysing på ruterar er i utgangspunktet ei lite komplisert sak, ettersom dei aller fleste ruterar har ein lik grunnleggjande konfigurasjon. Den største utfordringa ligg i det grafiske brukargrensesnittet på kvar enkelt ruter. Vanlegvis følgjer brukarmanualar med produktet, men vi kan også finne slike på nettsidene til produsenten.

Dei fleste trådlause ruterane blir i dag konfigurerte gjennom eit web-grensesnitt. Ein får kontakt med dette ved å skrive IP-adressa til ruteren i nettlesaren. Som vi ser på biletet til høgre, er det få inntastingar og handlingar som blir kravd for at dette skal fungere. Men vi må likevel ta ein del avgjerder om korleis vi ønskjer å ha dette.

Følgjande punkt er avgjerande for sjølve konfigurasjonen:

  • Enable/Disable Wireless: Dette valet gir deg høve til å skru av eller på Wi-Fi på ruteren.
  • Wireless Network Name: Dette er namnet på nettverket, som vil vere synleg hos brukarane, også kalla SSID.
  • 802.11 Mode: Kva for ein 802.11-standard som skal brukast, blir bestemt her, og dette er også ein vesentleg del av planlegginga. Sørg for å setje deg inn i dette på førehand.
  • Wireless Channel: Her blir det bestemt kva for kanal som skal nyttast på Wi-Fi-oppsettet. Mange ruterar har "Ch 6" som normalinnstilling. Det kan vere lurt å bruke andre kanalar dersom det er mykje Wi-Fi-trafikk i området.
  • Transmission Rate: Her bør du velje den best moglege løysinga.
  • Visibility Status: Her kan du velje om du vil gjere Wi-Fi-tilkoplinga synleg for andre eller ikkje.

Hugs også at du sikrar nettverket tilstrekkeleg med ein krypteringsnøkkel.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 10.01.2018

Læringsressursar

Nettverkseiningar