Hopp til innhald

Fagstoff

Trådlause nettverk

Dei aller fleste trådlause ruterane har generelt god dekning, og i dei fleste tilfella dekkjer dei heile huset eller leilegheita der dei blir sette opp. Det er likevel viktig å velje eit strategisk punkt sentralt i bustaden når ruteren skal setjast opp.
Trådlaust internett symbol. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trådlause standardar

Trådlause lokale nettverk under IEEE 802.11-standardane blir som regel marknadsførte som Wi-Fi. Dei forskjellige standardane har ulike eigenskapar.

Eksempelvis har vi den mykje brukte 802.11n-standarden. Denne standarden bruker MIMO (Multiple-Input and Multiple-Output), som vil seie at vi kan sende og motta fleire signal samtidig ved hjelp av fleire antenner. Med denne standarden kan vi oppnå hastigheiter som 600 Mbit/s, dersom vi bruker fire antenner. Dette er teoretiske hastigheiter. I praksis vil hastigheita ofte vere ein del lågare.

Rekkjevidde og hastigheit

Rekkjevidde og hastigheit er avhengig av avstand. Vegger, golv og annan innreiing i bustaden spelar også inn. Vegger og golv av mur og betong og tjukke, kompakte trevegger dempar signala kraftig. Vidare kan vi oppleve problem med støy frå anna trådlaust utstyr, mikrobølgjeomnar, lysrøyr, forbipasserande tog med meir. Ein må ta omsyn til dette.

Faktorar som påverkar rekkjevidda til eit trådlaust nettverk:

  • Styrken på signala som blir sende frå aksesspunktet/ruter.
  • Styrken på signala som blir sende frå det trådlause nettverkskortet.
  • Graden av fri sikt frå datamaskin til aksesspunkt.
  • Ulike hindringar i vegen.
  • Vêret (dersom ”strekket” går utandørs).

Kryptering

For å unngå at uvedkommande får tilgang til det trådlause nettverket, er det viktig at ein krypterar det. Det finst fleire ulike krypteringsformer, og nokre er sterkare enn andre. Dei mest vanlege er WEP, WPA og WPA2, der sistnemnde er den sikraste.

CC BY-SASkrive av Jan Frode Lindsø. Rettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 22.05.2018

Læringsressursar

Nettverkseiningar