Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Kraftproduksjon - kva kan du?

Her skal du svare på ein del spørsmål knytte til kraftproduksjon og alternativ energi.
Kraftmast. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. I dette temaet blir NVE omtalt fleire stader. Kva står NVE for, og kva rolle har NVE i samband med kraftutbygging i Noreg?
  2. Kan du gi eksempel på "naturvennlege" kraftverk?
  3. Kva meiner vi med konsesjon?
  4. Kan du forklare kva for delar som inngår i eit vasskraftverk?
  5. Kvifor blir spenninga frå eit vasskraftverk transformert opp til 300–420 kV før ho blir overført?
  6. Korleis fungerer ein generator?
  7. Kva er forskjellen på ei fornybar og ei ikkje-fornybar energikjelde?
  8. Med utgangspunkt i eit vasskraftverk: Kva for energiformer har vi?
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2018

Læringsressursar

Produksjon, lagring og overføring av energi