Hopp til innhald

Fagstoff

Ikkje-fornybare energikjelder

Ikkje-fornybare energikjelder er energikjelder som blir brukte opp. Det er ressursar som finst i naturen, og som naturen har brukt millionar av år på å lage. Dei blir kalla fossile energikjelder, siden dette er olje, naturgass og kol, restar etter planter og dyr som levde for millionar av år sidan.
Atomkraftverk i naturen vår. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kolkraft

Kolkraft blir framstilt ved at kol blir brent. Kolkraft står for 40 prosent av elektrisitetsproduksjonen i verda. Kolkraft medfører svært høge utslepp av CO2 (nesten 1kg per produserte kWh), dette er 40 prosent meir enn gasskraft.

Vi menneske vil på eit eller anna tidspunkt bruke opp dette, og desse ressursane vil då forsvinne.

Alle desse energikjeldene fører til forureining (CO2) og er derfor hovudårsaka til den auka drivhuseffekten på jorda.

Atomkraft

Atomenergi er også ei ikkje-fornybar energikjelde. For å lage dette treng ein uran. Dette er eit grunnstoff i naturen som på eit tidspunkt også vil bli brukt opp. I utgangspunktet forureinar ikkje denne produksjonen.

Sjå video frå NRK om kjernekraftverk.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 17.01.2019

Læringsressursar

Produksjon, lagring og overføring av energi