Hopp til innhald

Fagstoff

Kjenneteikn på leik

Leik bidreg til at barnet utviklar seg allsidig, og han dannar grunnlaget for læring. Både i barnehagen og skulen er leiken sentral. Det blir ofte lagt vekt på varierte former for leik og læring. I leiken kan barna undre seg og eksperimentere.
To barn ligger i hver sin pappeske. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innhald og oppgåver i barnehagen

I «Rammeplan for barnehager» står dette om leik:

«Barn kan uttrykke seg på mange måter i lek, og leken har en selvskreven og viktig plass i barnehagen. Barnehagen skal bidra til den gode barndommen ved å gi alle barn muligheter for lek. Leken har betydning for barns trivsel og som en grunnleggende livs- og læringsform. I barnehagen skal barna få oppleve lek både som egenverdi og som grunnlag for læring og allsidig utvikling.»

Forskrift til rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver, kap. 1.3

Kjenneteikn på leik

Leik er ein allsidig aktivitet, og han er viktig for barnet. Her har vi lista opp nokre kjenneteikn på leik:

Utan føremål

Barn leikar fordi dei liker å leike, og fordi dei har lyst til det. Dei har ingen spesielle mål for leiken, som til dømes å bli sterke, lære språk eller utvikle sosial kompetanse.

Frivillig

Leik er alltid frivillig. Eit barn som liker å spele fiolin, kan oppleve det som ein leik å øve litt. Eit anna barn kan derimot oppleve det som ei plikt, som noko det gjer fordi det har blitt fortalt at det skal gjerast, og kanskje det får ein premie eller liknande for det. Då kan vi ikkje kalle det leik.

Attraktiv og oppslukande

Leiken kan også vere attraktivt i seg sjølv. Det er noko barnet gjer fordi det liker sjølve aktiviteten, ikkje for å oppnå noko anna. Barnet har inga oppleving av tid når det leikar. Det kan gå heilt opp i leiken og vere oppslukt av den aktiviteten det held på med.

Ikkje så sjølvmedvitne

I leik er ikkje barna så sjølvbevisste. Dei er mindre opptekne av å vere flinke og sjå bra ut overfor andre og så vidare. I visse typar leik – rolleleik og fantasileik – kan dei også vere andre enn seg sjølve.

Improvisasjon

Eit anna kjenneteikn ved leik er improvisasjon. Barna låser seg ikkje fast i eit rigid sett av reglar og retningslinjer som styrer åtferda deira. Leiken treng ikkje å følgje ei logisk eller rasjonell linje. Det kan kome overraskande skifte i leiken, og barna kan gjere mange ting som ikkje passar inn på ein normal måte i andre samanhengar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hans Holter Solhjell. Rettshavar: Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.06.2018

Læringsressursar

Leik