Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forske på leik

Leik er ein del av livet til barn. I denne oppgåva skal du mellom anna undersøkje kva leik er, og kva det betyr for barna å få leike. For å finne ut dette må du spørje ekspertane på leik, nemleg barna.
Gut og jente leiker saman med leikeapparat i sand. Dei har på seg vinterklede. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå filmen Leiken sin eigenverdi. I denne filmen seier Maria Øksnes at for å finne ut om det er leik eller ikkje, må du spørje barna.

Du skal finne ut kva barn meiner leik er, og kva dei opplever når dei leiker, kvifor dei leiker, kva dei tenkjer om vaksenrolla i leik, og kva som er eit godt leikemiljø.

For å finne ut dette må du spørje barna om opplevingane deira av leiken.

Jobb saman i par eller i gruppe.

Oppgåver

  1. Lag spørsmål som de kan stille barna for å finne ut kva dei meiner leik er, kvifor dei leikar, kva dei tenkjer om vaksenrolla i leik, og kva som er eit godt leikemiljø.

    De står sjølvsagt fritt til å finne ut fleire ting om leik òg! Til dømes kva dei liker best å leike, om det er nokre typar leiketøy som er betre enn andre og så vidare.

  2. Intervju barn. Still dei same spørsmåla til minst fem barn.
  3. Samanfatt det de har funne ut. Det er lurt å lage overskrifter, til dømes:

    • Kjenneteikn på leik
    • Kva meiner barn leik er?
    • Kva opplevingar og kjensler gir det å leike?
    • Kvifor leiker barn?
    • Kva er gode leikemiljø?
    • Kva er rolla til dei vaksne i leik?
  4. Diskuter og drøft:

    • Kvifor det kan vere nyttig å finne ut av opplevingane og meiningane barna har om leik?
    • Kva kan du gjere for å bidra og inspirere til leik?
  5. Ut frå det de har funne ut om leiken til barn, skal du lage ei skisse over eit leikemiljø som du meiner kan bidra til å inspirere barn til å leike.
  6. Presenter det de har funne ut, for klassen. Vel presentasjonsform sjølv.
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2020

Læringsressursar

Leik