Hopp til innhald

Fagstoff

Multimediegenerasjonen

Massemedia gjennomsyrar kvardagen vår som aldri før. Barn som veks opp på byrjinga av 2000-talet, blir gjerne kalla «multimediegenerasjonen».
Barn bruker tablet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Multitasking

Dei er omgitt av:

  • tv
  • film
  • aviser
  • vekeblad
  • teikneseriar
  • bøker
  • Internett
  • mobiltelefon
  • dataspel
  • musikk-cd

Barn og unge er kjappe til å ta i bruk ny teknologi. Dei er flinke til å «multitaske» og handtere fleire medium på same tid. Ein typisk situasjon er at dei sit heime på soverommet og pratar med venner på mobilen, samtidig som dei spelar eit online-spel på pc-en, oppdaterer Facebook-profilen sin, chattar på MSN og har fjernsynet og stereoanlegget ståande på i bakgrunnen.

Kvardagen til barna handlar i høg grad om å vere pålogga. Dei lever midt i ein straum av inntrykk og bodskapar. Dei fleste navigerer godt i denne straumen, men ganske få er klar over kva massemedia gjer med dei på godt og vondt.

Utfordringar til deg

  1. Sjå på lista over. Kor mykje tid bruker du på kvart medium på ei veke?
  2. Intervju barn i ulike aldersgrupper og finn ut kor mykje tid dei bruker på dei ulike media.
  3. Kva betyr ordet «multitaske»?
  4. Gjer deg kjend med rammeplanen for barnehagen og temaheftet om «IKT i barnehagen».
CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold, Guri Bente Hårberg og Gro Nedberg Grønlid. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 26.02.2018

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium