Hopp til innhald

Fagstoff

Ungdom og internett

Å vere saman med vener via internett har vorte ein viktig del kvardagen for mange ungdommar, dei er sosiale på nettet. Det er der dei får med seg kva som skjer i løpet av ein dag. Kva konsekvensar har det for ungdom å alltid vere "logga på"?

Oppgåver

Filmen over er frå 2013, og mykje har endra seg sidan då når det gjeld kva for nokre sosiale medium ungdom treffest på. Men har det elles endra seg mykje? Reflekter saman rundt følgjande spørsmål:

  1. I kva grad meiner de at denne filmen viser kva som er verkelegheita til ungdommar i dag?

  2. Kva fordelar og ulemper ser du ved at delar av det sosiale livet blir overført til nettet?

  3. Diskuter bruken av PC til andre ting i undervisninga, til dømes chat, spel, privat e-post eller generell surfing.

    1. Kva reglar bør gjelde?

    2. Kva innverknad trur de dette har for å få med seg undervisninga?

    3. Kva tenkjer de om å halde på med fleire ting samtidig når de skal lære noko nytt?

  4. Er det nokon skilnad mellom gutar og jenter på bruken av sosiale medium? Forklar.

  5. Å ha ein god ven er viktig så å seie heile livet. Kva fordelar og ulemper er det for ungdom å ha vener berre digitalt og ikkje fysisk?

  6. Kor viktig er det å ha mange vener på sosiale medium?

  7. Er venskap på nettet annleis enn fysiske venskapar?

  8. Kva konsekvensar kan det ha når all informasjon om sosiale ting går føre seg på nettet?

  9. Kva konsekvensar har det for ungdom å alltid vere logga på?

  10. Lag ein tipsplakat der overskrifta er: "Korleis kan du få gode vener via sosiale medium?" Heng han opp i klasserommet. Diskuter gjerne dei ulike punkta i klassen.

Gruppeoppgåve om multitasking

  1. I undervisningssituasjonar ser vi ofte at elevar held på med andre ting på mobilen eller datamaskina. Finn ut kva forskarar, psykologar og andre fagfolk seier om læringsutbyttet når vi held på med fleire ting samtidig. Lag eit framlegg for klassen om det de har funne ut. Her er det viktig at de er kjeldekritiske. Det må kome fram kvar de har henta informasjonen frå.

  2. Etter kvart innlegg skriv lyttarane ned:

    1. Kva har eg lært?

    2. Var det noko eg var einig i, i så fall kva?

    3. Var det noko eg var ueinig i, i så fall kva?

CC BY-NC-NDSkrive av Riborg Anna Ringereide. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 18.10.2021

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium