Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Gjer eit filmopptak

I denne øvinga skal de øva på kamerarørsler som panorering, tilting, handholde kamera og køyring.
Elever som bruker videokamera. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Endeleg, no skal de ut og filme!

Gå saman i grupper på tre til fire. Ta med dykk eit videokamera og finn ein eigna opptaksstad, helst utandørs. Finn på ein situasjon sjølve. Det kan for eksempel vere to elevar som pratar med kvarandre, eller nokon som kjøper noko i kantina. De kan til og med lage ein liten kortfilm om de vil. Poenget med øvinga er å trene på kamerarørsler.

I sekvensen de skal lage, skal de bruke desse kamerarørslene:

  • panorering
  • tilt
  • handhalde kamera
  • køyring (ver kreativ, bruk ein rullestol, eit skateboard, ein sykkel etc.)

Ei kamerarørsle skal ha eit startbilete og eit sluttbilete. Det er viktig å planleggje kva dette startbiletet og sluttbiletet skal vere. Hugs at desse bileta bør ha betyding for kvarandre. Eksempel:

  1. Vi ser nærbilete av ein gut som stirer veldig forelska ut i lufta (1: startbilete).
  2. Kamera panorerer (2: kamerarørsla).
  3. Rørsla ser ut til å ende på ei søt jente, men kamera panorerer forbi denne jenta og ender på eit nydeleg pizzastykke som ho sit og et (3: sluttbilete).

Dette er ein måte å bruke kamerarørsle som eit verkemiddel på.

Eigenvurdering

Diskuter opptaka de har gjort, i gruppa.

  • Har alle forstått tydinga av omgrepa panorering, tilt, køyring og handhalde kamera?
  • Er kamerarørsla gjennomført kontrollert og i jamt tempo?
  • Har de etablert eit tydeleg startbilete og sluttbilete?
  • Kva meining formidlar det opptaket de har gjort, til dei som ser på?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Videoproduksjon