Hopp til innhald

Litterære tekstar

Eksempel på synopsis

Synopsis til ein kortfilm om Hans

Introduksjon

I denne kortfilmen møter vi Hans. Han er hovudkarakteren. Vi møter han først i huset der han bur. Dette for best å kunne vise korleis han er som person. Han har det rotete heime, og med å vise dette får vi fram at han ikkje har det så lett. Han har det ganske rotete i sitt eige hovud òg.

Etter kvart ringjer telefonen til Hans, og då vert me presenterte for hovudkonflikten i historia. Hans har lova å skrive ein stil for bestekameraten sin, Morten. Om han skriv stilen, får han 1000 kr, og dei pengane treng han sårt. Han har nemleg lånt 1000 kr av bestemora si, og har sagt at han har pengane klar. Ho skal få dei att når han har vore i banken neste dag.

Dette er hovudkarakteren sitt mål. Normalt er Hans flink til å skrive festlege essay, men no har han ikkje fått det til. Morten ringjer og seier at han må ha stilen seinast neste morgon. Om han ikkje får stilen, får ikkje Hans pengane. Og då har han eit forklaringsproblem for bestemora. Introduksjonen gjer at vi forstår at Hans er ein person som lyg mykje.

Hovuddel (spenninga skal trappast opp)

Hans set seg ned for å skrive. Då ringjer telefonen igjen. Det er bestemora. Ho inviterer på middag. Hans prøver å seie at han ikkje kan, men ho vert så skuffa at han seier ja likevel (antagonist).

Timane går, og Hans får ikkje sett seg ned for å skrive før det er seint på ettermiddagen. Medan datamaskina skrur seg på, går han for å hente seg cola i kjøleskapet. Halvannan liter går unna i løpet av ti minutt. Han startar på overskrifta. ”Cola” står heilt åleine øvst i Word-dokumentet. Den korte lyden frå Facebook-chatten knepper, og Hans opnar vindauget for å sjå kven det er. Det er Nina. Hans vert raud i kjakane og smiler. Ho vil ha han med på kino. Han skriv inn ”Ja”, slettar det, og skriv ”Nei, sorry, må arbeide”, men slettar det òg. Han sender til slutt ”J”, ho skriv tilbake ”J, snakkast om ti, då” (endå ein antagonist). Hans går ut døra.

Det er nesten midnatt når Hans kjem heim att. Han traktar kaffi for å halde seg vaken. Morten ringjer. Hans lyg og seier han snart er ferdig. ”Cola” står framleis åleine i dokumentet. Hans skriv inn ”Cola og kaffi”. Han bestemmer seg. No må han skrive. Han skrur av telefonen, loggar ut av Facebook og startar å skrive om kor vanskeleg det har vore å skrive. Vendepunktet i filmen er her. Han har ingen annan veg å gå en å skrive ned noko, slik at han kan levere ein stil om nokre timar.

Avslutning

Det er tidleg morgon. Hans set punktum etter siste setninga. Det ringjer på døra, Morten kjem rett inn. Hans skriv ut stilen og gir han til Morten, som vil lese gjennom før han betaler. Hans trommar nervøst med fingrane medan Morten les.

Når Morten legg ned papiret, ser han på Hans. Her er klimaks i historia. Filmen er på sitt mest spennande. Vil Morten betale for stilen? Morten seier at han ikkje kan betale for stilen, han kan ikkje ein gong levere inn noko så dårleg, så no kjem han til å få merknad av læraren for å ikkje levere på tida. Morten går, Hans sit att og tek opp telefonen. ”Bestemor? Eg må innrømme noko. Eg har ikkje pengane eg skulder deg. Kan eg gjere noko for deg i staden? Klippe plenen din? Rydde garasjen?” For første gong i filmen er Hans ærleg. Hovudkarakteren vår har endra seg.

CC BY-SASkrive av Kristin Eriksen Vold.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Videoproduksjon