Hopp til innhald

Litterære tekstar

Guten, døden og etikken

Grensa mellom sosialpornografi og det som er verdig og rett, kan vere vanskeleg å trekkje. Mange trekte henne langs vasskanten i Tyrkia, ved det daude barnet.
Ein drukna treåring er skylt på land på ei sandstrand, ein tyrkisk politimann nærmar seg. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Av Sven Egil Omdal

Dei snur seg bort frå bileta av tre år gamle Aylan frå Kobane der han ligg i den raude skjorta og den blå shortsen med ansiktet ned i dei små sommarbølgjene. Dei lukkar Facebook og ser demonstrativt bort frå avisstativa. Vis respekt for den vesle flyktningen som aldri nådde den såkalla europeiske fellesskapen, seier dei. Det er uverdig å bruke barnelik for å fremme politiske standpunkt. Lat oss diskutere kva vi gjer med masseflukten frå Syria utan å gi oss over til sentimentalitet.

Andre orkar ikkje smerten i sin eigen empati. Dei har små barn eller barnebarn sjølve og ser dei i den vesle kroppen som blir boren bort av den tyrkiske politimannen. Innlevinga gjer for vondt.

Var det då rett eller gale av aviser over store delar av Europa å publisere bileta av det daude barnet på stranda? Er det dei som delar bileta på sosiale medium, eller dei som medvite lèt vere, som best heidrar Aylan?

Dei som trur at eit slikt bilete ikkje har nokon verknad utover å massere samvitet til all verdas passive følarar, tek feil. Sjølv om det er vanskeleg å måle effekten, har nokre bilete ein kraft som tvingar politikken inn i nye spor, eller som for alltid formar oppfatninga vår av store tragediar. Per Edgar Kokkvold sa i ein tilsvarande debatt for nokre år sidan at utan bileta av likhaugane ville ikkje Holocaust hatt samme posisjonen i medvitet vårt. Han har rett, trass i at det er legitimt å hevde at verdigheita til dei daude jødane ikkje blei tilstrekkjeleg akta på.

Då SS-general Jürgen Stroop valde å illustrere rapporten til Berlin om korleis han hadde slege ned oppstanden i den jødiske gettoen i Warszawa, sikra han samstundes sitt evige, vonde ettermæle. Eitt av bileta han brukte, viser ein liten gut som med armane i vêret går framfor familien sin forbi dei tyske soldatane. Biletet blei eit uttrykk for uskulden sine vilkår i møte med den absolutte vald, og blir enno hugsa som eit av dei mest symboltunge minna frå andre verdskrigen.

Då president Richard Nixon såg APs foto av ni år gamle Phan Thi Kim Phuc som naken og vitskremd sprang mot fotografen medan ryggen hennar blei oppbrend av amerikansk napalm, spurde han om biletet kunne vere manipulert. Nixon innsåg kva politisk kraft lidinga til barnet hadde, og lurte på korleis han kunne svekkje autoriteten i biletet. Han tok ikkje feil. Fotografiet er Vietnamkrigen i essens.

Bileta av lille Aylan i vasskanten på det turistbrosjyrane kallar dei «strålande kvite sandstrendene» utanfor Bodrum, gjer vondt for alle med normalt kjensleapparat. Men i denne kollektive smerten ligg det ein kraft som kan gi flyktningkatastrofen og krigen i Syria den plassen i medvitet vårt som fører til at vi pressar dei som treng å bli pressa. Det var dette som skjedde i Storbritannia denne veka. Plutseleg snudde aviser som hittil har framstilt asylsøkjarane som eit trugsmål, og slutta seg til dei som lenge har hevda at denne retorikken er dehumaniserande.

The Daily Mail, som i årevis har ureina debatten med oppslag om alle goda flyktningane får om dei berre klarer å lure seg inn i det forjetta landet, brukte torsdag heile forsida på biletet av politimannen som ber Aylan bort frå stranda. Tittelen: «Eit lite offer for ein menneskeleg katastrofe» var på linje med The Independents: «Nokon sitt barn» og The Guardians: «Den sjokkerande, vonde verkelegheita som Europas flyktningkrise er». Det er to aviser som vanlegvis ikkje snakkar same språket som The Daily Mail.

Den politiske verknaden kom straks. Frå kyrkjeleiarar og humanitære organisasjonar, frå opposisjonen i parlamentet, men også frå hans eige parti, kom kravet om at David Cameron må leggje om kursen – og retorikken. Det er ikkje mange vekene sidan Cameron omtalte asylsøkjarane som «ein sverm». Det er djupt deprimerande at ein så rutinert politikar tyr til insekt som metafor når han omtaler menneske som ikkje har noko tilbake, bortsett frå eit syltynt håp, sterk vilje og desperat mot, men det er ufatteleg at han gjer det berre nokre månader etter at den største avisa i landet, The Sun, lét spaltisten Katie Hopkins omtale asylsøkjarane som kakerlakkar.

I etterkant har Cameron forsvart ordbruken – og møtt forståing i den populistiske høgrepressa. No kan dei same avisene sin bruk av bileta frå stranda i Bodrum tvinge den britiske regjeringa til å komme Tyskland i møte og diskutere felles europeiske løysingar.

Ein av dei første til å dele bileta var Peter Bouckaert, naudhjelpsdirektør i Human Rights Watch. Han er i Ungarn og ser på nært hald dei dramatiske scenane på grensa mot Serbia og på jernbanestasjonen i Budapest. På bloggen sin skriv han at det var dei små joggeskorne som råka han sterkast. Han har sjølv små barn og kunne sjå for seg korleis foreldra til Aylan om morgonen hadde hjelpt treåringen med å få dei på rett fot. «Det var inga lett avgjerd å dele eit brutalt bilete av eit drukna barn», skriv han. Men om Europas leiarar klarer å sjå sine eigne barn i dei som våger livet, «vil dei kanskje forsøkje å stanse desse uhyggjelege scenane».

Den politiske verknaden av å bryte dei etiske reglane, som i Noreg seier at vi ikkje bruker bilete av daude barn, avheng av at brotta er sjeldne. Elles set medkjenslestrøttleiken inn, og vi vernar oss mot smertane over andre si liding ved å nekte å sjå henne. Ei slik utvikling vil i alle fall ikkje tene flyktningane.

Men nokre gonger kan eit bilete av eit einskilt barns tragedie, som guten i Warszawa, jenta i Trang Bay i Vietnam og Aylan på stranda i Tyrkia få politikken til å gå mot løysingar som reddar mange andre. I slike tilfelle er det ei etisk rett handling å dele biletet med fleire.

CC BY-SASkrive av Sven Egil Omdal.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2018

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar