Hopp til innhald

Fagstoff

Medieetiske vurderingar

Kor medviten er du medieetikk? Medieetiske vurderingar er dei tankane du gjer deg om kva som er rett og gale når du opptrer i rolla som medieprodusent, mediebrukar eller medieaktør.

Etisk refleksjon og etiske val

I kvardagen støyter vi på utfordringar som gjer at vi må gjennomføre etiske val. Det betyr at vi må bestemme oss for kva som er rett å gjere.

Nokre gonger er det enkelt å velje fordi det finst tydelege forventningar eller nedskrivne reglar for kva som er rett og gale.

Andre gonger er det vanskelegare. Det nokon meiner er rett, synest kanskje andre er gale. Då må du sjølv gjennomføre ein etisk refleksjon der du veg fleire omsyn opp mot kvarandre. Eit etisk dilemma er ein situasjon der du opplever at same kva du vel, så blir det gale.

Kva ville du ha gjort?

Før du les vidare, kan du teste evna di til å reflektere rundt etiske problemstillingar ut frå ulike etiske modellar.

Medieetiske situasjonar

Medieetikk er refleksjon over etiske problemstillingar som gjeld alle som bruker medium i kommunikasjon med andre, eller som publiserer medieinnhald i ulike kanalar.

Denne filmen viser nokre situasjonar der ein mediebrukar, ein medieprodusent og ein medieaktør må gjennomføre etiske val.

Filmen reiser følgjande medieetiske problemstillingar:

  • Er det rett å dele eit bilete av ein kompis i ein ufordelaktig situasjon, i sosiale medium?

  • Kan du la omsynet til eigne behov styre det du skriv som journalist?

  • Er det rett å bruke hemmeleg informasjon om private forhold for å sverte ein politisk motstandar i ein TV-debatt?

Medieetisk kompetanse

Medieetisk kompetanse inneber at du har kunnskap nok til å oppdage medieetiske utfordringar i medieuttrykk som er laga av profesjonelle. Men det betyr òg at du er klar over etiske utfordringar når du arbeider med eigne medieuttrykk.

Medieetisk kompetanse handlar vidare om evna til å reflektere etisk over ulike forhold som gjeld saka, og dei ulike handlingsalternativa du har. Når du til slutt bestemmer deg for kva som er rett, må dette speglast i både arbeidsprosessen og det endelege produktet.

Foto som viser eit kreativt team vurdere eit bilete på ein pc-skjerm.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gjer etiske vurderingar i medieproduksjon

Følg yrkesetiske reglar

Set deg grundig inn i dei yrkesetiske reglane som gjeld for dei som jobbar profesjonelt med liknande medieuttrykk.

Jobbar du med journalistikk, må du følgje føresegnene i Ver varsam-plakaten. Jobbar du med marknadskommunikasjon, må du følgje dei etiske reglane som gjeld for denne bransjen.

Ta omsyn til målgruppa

Truleg kommuniserer du på ein annan måte med kompisen din enn du gjer med bestemor i sosiale medium? Då veit du allereie at du må ta omsyn til den målgruppa du vender deg til.

Ver spesielt merksam på dette når du lagar medieuttrykk som vender seg til barn eller menneske som tilhøyrer ein annan kultur enn den du tilhøyrer. Toleransen for kva menneske opplever som støytande eller skremmande, er ulik.

Tenk på konsekvensane

Når vi ytrar oss, får det konsekvensar for både oss sjølv og andre. Kva verknad ønskjer du at medieuttrykket ditt skal ha? Kan det tenkjast at det får konsekvensar du ikkje hadde tenkt på eller ikkje ønskjer?

Dersom det er viktig for andre at historia blir fortald, må du vere modig nok til å tole at ho kan få negative konsekvensar for deg sjølv.

Lytt til ditt eige samvit

Rett som det er, vil du oppleve at du må ta etiske valt i situasjonar der du ikkje kan støtte deg til vurderingane til andre. Då er det opp til deg å finne ut kva som er rett.

Dei fleste har eit innebygd kompass som fortel oss kva som er rett og gale. Ein gammal tommelfingerregel er å tenkje at du skal gjere det same mot andre som du ønskjer at andre skal gjere mot deg.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2021

Læringsressursar

Medieetiske problemstillingar