Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon motorstart

I dokumentasjonsdelen skal anlegget kvalitetssikrast. Du må forsikre deg om at anlegget fungerer som det skal. Kunden skal ha papir som syner at anlegget er bygd på rett måte. Dokumenta seier noko om kva kunden har fått, kven som laga det, og kva normer og forskrifter som ligg til grunn.

Hovud- og styrestraumskjema

I dette læringsoppdraget må du teikne hovud- og styrestraumskjema slik at du får øving i å teikne dei korrekt. Den neste elektrikaren som skal arbeide på anlegget, må kunne vite korleis det er kopla, derfor må desse skjemaa alltid følgje koplinga.

Sluttkontrollskjema

Det skal også fyllast ut eit sluttkontrollskjema for anlegget. I sluttkontrollskjemaet skal det komme fram kva punkt som er viktige å sjekke før anlegget blir overlevert kunden. Anlegget må til dømes fungere som føresett, det må få den rette spenninga, og motoren må gå riktig veg.

Samsvarserklæring

Eit siste dokument som må vere på plass, er samsvarserklæring. Med dette dokumentet erklærer du at du har bygd dette anlegget i samsvar med gjeldande forskrifter og reglar.

CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2018

Læringsressursar

Elektriske og automatiserte system