Hopp til innhald

Fagstoff

Termisk vern

Termisk vern er eit motorvern med bimetallfunksjon. Det termiske vernet har som oppgåve å verne motoren mot overbelastning.
Bildet viser et motorvern som skal tilkobles en kontaktor. Foto.

Ei sikring

Dersom motoren blir påført større mekanisk motstand enn det han er konstruert for, vil han redusere farta. For å prøve å halde farta oppe vil motoren trekkje meir straum, noko som igjen fører med seg varmgang i viklingane. Dette vil ganske fort føre til at motoren blir «brunnen opp», og må erstattast.

Gjennomskore asynkronmotor. Foto.

Dette er kostbart med tanke på både innkjøp og montering av ny motor. I ein produksjonsprosess vil heller ikkje anlegget vere operativt før ny motor er montert, og det fører til nedetid i produksjonen og tapte inntekter for bedrifta.

For å unngå dette blir det montert eit termisk vern, som er ein type motorvern. Dersom straumtrekket frå motoren blir for høgt, blir straumtilførselen kutta i det termiske vernet, og motoren blir stoppa før han blir øydelagd.

Det termiske vernet er den komponenten som blir plassert nærast motoren i straumføringsvegen, med unntak av rekkjeklemmene. Vernet kan monterast direkte på utgangane til kontaktoren eller vere frittståande.

Hjelpekontaktar

Det er òg hjelpekontaktar på motorvernet. Skruane i det kvite feltet indikerer tilkopling for normalt open (NO) og normalt lukka (NC). Vi brukar gjerne å kople styrestraumen via 95–96 (NC), noko som gjer at styrestraumkrinsen blir broten dersom motorvernet slår ut. 97–98 (NO) kan til dømes brukast til å få ei indikatorlampe til å lyse i beteningspanelet, noko som gjer at operatøren raskt ser at motorvernet har kutta straumen.

På sjølve motorvernhuset er det ein eigen stopp-brytar for å bryte kontakten og ein reset-bryter for å opprette kontakten igjen. Justeringsskruen gir oss moglegheita til å justere kor høg straumen kan bli før vernet slår ut. Vi kan justere mellom 2,5 og 4 ampere på denne modellen.

Det er naudsynt at vi justerar motorvernet rett, slik at det koplar ut når det skal. I databladet til motoren finn du ut kor mykje straum motoren trekkjer i normal drift og ved påslag. Gjer ei vurdering i samanheng med motor og kontaktor for å stadfeste at val av motorvern er rett.

CC BY-SASkrive av Dag Olav Lereim.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2018

Læringsressursar

Elektriske og automatiserte system