Hopp til innhald

Spelefilm

Gategutter

Arne Skouens regidebut Gategutter er å rekne som ein klassikar i norsk filmhistorie. Filmen gir eit innblikk i livet til ein gjeng gutar frå austkanten i Oslo på 1920-talet.

Om filmen

Gategutter bryt på fleire måtar med det som var tradisjon og rådande praksis for filmproduksjon på den tida, blant anna ved at fleire av skodespelarane var amatørar. Filmen tek også utgangspunkt i vanlege menneske og kvardagshendingar i ei tid prega av streik, arbeidskonfliktar og fattigdom. Gategutter gir på denne måten et bilete av dei sosiale forholda i Noreg på denne tida og markerar eit brot med dei tidlege norske filmane som ofte var filmatiseringar av nasjonalromantisk diktning, til dømes Synnøve Solbakken, Fante-Anne og En glad gutt.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie