Hopp til innhald

Spelefilm

Moderne tider

Charlie Chaplins Moderne tider (Modern Times) er ein svart-kvitt film frå 1936. Filmen gir ein humoristisk kritikk av industrialiseringa og kravet dåtida har til effektivisering.

Om filmen

I Moderne tider møter vi Charlie Chaplin i rolla som fabrikkarbeidar. Jobben hans er å stramme mutrar langs eit samleband. Kvar arbeidar på fabrikken har ei spesifikk oppgåve å utføre – og det så raskt som i det heile mogleg. Direktøren overvaker effektiviteten til arbeidarane frå kontoret sitt. Dersom nokon ikkje jobbar bra nok, iretteset han dei gjennom skjermar som er plasserte rundt omkring på fabrikken.

Sidan han slit med å tilpasse seg den raske arbeidsrytmen og alt det moderne utstyret, er det ofte Chaplins rollefigur som får kjeft av direktøren. Det blir etter kvart så overveldande for han å jobbe på fabrikken, at han får eit nervøst samanbrot, som resulterer i innlegging på sjukehus.

Etter dette gir Chaplins rollefigur seg på ny ut i den moderne verda for å finne noko anna å gjere. Dette skal vise seg å bli alt anna enn enkelt. Gong på gong hamnar han i situasjonar som fører han rett i fengsel.

Filmhistorisk samanheng

Det er multitalentet Charlie Chaplin (1889–1977) som har skrive manus, regissert, produsert og laga musikken til Moderne tider. Chaplin blir rekna som ein av dei mest innverknadsrike personane i filmhistoria. Han er kjend for dei mange stumfilmkomediane sine, som også blir kalla slapstick-komediar.

I slapstick-komediar er handlinga i filmen og gestikulering kjenneteikna av ei svært overdriven og dramatisk form. Døme på dette kan vere filmkarakterar som sklir på bananskal, klemmer fingrane eller søler varm suppe over seg sjølv eller andre.

Chaplins Moderne tider kan sjåast som ein kommentar til dei mange problema som oppstod under den økonomiske krisa i USA på 1930-talet. Gjennom filmen set Chaplin desse problema i samanheng med den stadig aukande industrialiseringa av samfunnet.

Relatert innhald

Charlie Chaplin sin klassikar «Diktatoren» er framleis relevant i dag.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Filmhistorie