Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Repetisjonsoppgåver lønn

Kva husker du om temaet lønn? Svar på spørsmåla to og to eller i gruppe, eller lag ein quiz i klassa.
Kvinne som kaster mange pengesedler opp i lufta. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

1) Arbeidstakaren er:

2) Arbeidsgivaren er:

3) Lønna er:

4) Bruttolønna er:

5) Nettolønna er:

6) Arbeidsgivaren pliktar å

- trekkje skatt av lønna til arbeidstakaren
- berekne og betale arbeidsgivaravgift
- berekne og betale feriepengar

Utdjup desse punkta.

7) Kva er ein lønnsslipp?

8) Kva er ei lønningsliste?

9) Kva er eit skattekort?

10) Kva er feriepengar?

11) Når blir vanlegvis feriepengane utbetalte?

12) Kva er arbeidsgivaravgift?

13) Kvifor skal skattetrekket setjast inn på ein eigen bankkonto?

14) Når og til kven pliktar arbeidsgivaren å betale skatt og arbeidsgivaravgift?

15) Korleis tek vi omsyn til at det er arbeidsgivaravgift på feriepengar?

CC BY-SASkrive av Heidi Bukten.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2022

Læringsressursar

Lønn