Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lønn og andre personalkostnader

Den største personalkostnaden er lønn. I tillegg må bedrifta betale feriepengar, arbeidsgivaravgift, pensjonsinnskot, utstyr og velferdsgode. I desse oppgåvene skal du berekne dei totale personalkostnadene til bedrifta.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Løys oppgåvene i eit rekneark, der du skriv inn oppgitte tal som inndata for så å berekne utdata.

Pensjonskostnader er minimum 2 %. I oppgåvene ser du at enkelte bedrifter vel å setje av ein høgare prosent for dei tilsette.

Oppgåve 1. Viks kiosk

Dagleg leiar Hanne Vik skal budsjettere dei totale personalkostnadene for kiosken sin for neste budsjettår. Ho har følgande kostnader:

  • Brutto lønnskostnader: 4 750 000 kr

  • Feriepengegrunnlag: 4 500 000 kr

  • Feriepengar: 12 %

  • Arbeidsgivaravgift: 14,1 %

  • Pensjonskostnad: 2 %

  • PC og mobil til tilsette: 50 000 kr

  • Arbeidstøy (skjorte og genser): 3 000 kr

  • Velferdstiltak (sommarfest, julebord): 20 000 kr

Kva blir dei totale personalkostnadene?

Oppgåve 2. Import AS

Thor Jensen er økonomiansvarleg i bedrifta Import AS. Han skal budsjettere personalkostnadene for bedrifta. Det er 12 tilsette i bedrifta.

  • Brutto lønnskostnader: 7 500 000 kr

  • Feriepengegrunnlag: 7 000 000 kr

  • Feriepengar: 12 %

  • Arbeidsgivaravgift: 14,1 %

  • Pensjonskostnad: 3 %

  • Diverse utstyr: 200 000 kr

  • Velferdstiltak : 50 000 kr

Kva blir dei totale personalkostnadene og personalkostnader per tilsett?

Oppgåve 3. Servicebutikken AS

Servicebutikken AS ligg i Tromsø. Anne Mobashir har ansvaret for økonomien og skal budsjettere personalkostnadene for neste år. Det er 16 tilsette i bedrifta.

  • Brutto lønnskostnader: 13 600 000 kr

  • Feriepengegrunnlag: 12 500 000 kr

  • Feriepengar: 12 %

  • Arbeidsgivaravgift: ??

  • Pensjonskostnad: 2,5 %

  • Velferdstiltak : 90 000 kr

Finn ut kor mykje arbeidsgivaravgifta er i Tromsø og berekn personalkostnader totalt og per tilsett.

Løysingsforslag

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 27.07.2023

Læringsressursar

Lønn