Hopp til innhald

Fagstoff

Tiltak for å utvikle bedriftskultur

Bedriftar kan arbeide med bedriftskultur på ulike måtar. Ein systematisk metode er å la fellesskapen gå gjennom ein prosess som endar opp i ein tiltaksplan. Tiltaka må vere konkrete og eigna til å fjerne eller redusere dei uheldige sidene ved bedriftskulturen og få dei gode sidene betre fram.
Sjef og ansatte der sjefen står fremst i dress og de ansatte står på ei linje nokre meter bak han. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utvikling og tiltak

Det er mange vegar å gå når det gjeld å få til endringar. Ein god måte å gjere det på, er å jobbe systematisk etter ein tiltaksplan. Utviklinga blir då ein prosess som fellesskapen kan vere saman om, der alle veit kva måla er.

Tiltaksplanen byggjer ein på resultata av analysen. Kva for nokre sider ved kulturen er positive? Dei må vi styrkje! Kva kom fram som vi synest er uheldig? Det må vi endre på! Korleis skal vi gjere det? Det er her tiltaka kjem inn.

Ei gruppe positive menneske som tek kvarandre i hendene. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tiltak kan vere

  • ein personalpolitikk som går ut på å rekruttere unge medarbeidarar og leggje til rette for ein langsiktig karriere der ein har moglegheit til å forme tenkinga og haldningane til medarbeidarane
  • regelmessige undersøkingar om korleis medarbeidarane trivst, og kva moglegheiter dei har til å påverke arbeidssituasjonen sin
  • rettleiing av tilsette og tilsyn med konkrete arbeidsoppgåver
  • interne kurs om verdiane, normene, historia og tradisjonane i bedrifta – med både praktisk og ideologisk innhald
  • ritual som markerer suksess og styrkjer kjensla dei tilsette har av å delta og å høyre til
  • kontinuerleg skriftleg og munnleg søkjelys på verdiane, hensikta og historia til bedrifta og på at dei tilsette er ein del av noko meir og viktigare enn berre å tene, eller spare, pengar

Ein lang prosess

Å endre bedriftskulturen er ein prosess som kan ta lang tid, og det må skje noko på mange plan. Derfor er det viktig at leiinga viser endringsvilje og syter for å følgje opp tiltaka. I sin tur vil dei tilsette også hjelpe til med endringane.

Fire arbeidarar på Ormen Lange. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit døme på eit tiltak som også er ein lang prosess i seg sjølv, er Norsk Hydro sitt «Graduate Program», som er eit program Hydro tilbyr nyutdanna, og som det er mange søkjarar på til kvar utlysing. På heimesida si skildrar dei det slik:

Programmet er det perfekte springbrettet for en karriere i Hydro og en inngangsport til aluminium og energi, uansett om du er interessert i en karriere innen teknologi, økonomi eller ledelse.

Norsk Hydro har altså lagt til rette for at unge tilsette kan skape seg ein langsiktig karriere i selskapet – og lærer dei opp sjølv. Ta ein kikk på Norsk Hydro si heimeside og få eit inntrykk av kulturen i bedrifta.

CC BY-SASkrive av Carina Hertze Bratli.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2021

Læringsressursar

Bedriftskultur