Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Anstrengjande brukar- og kundekontakt

Du kjem til å møte mange menneske når du er på jobb. Mange av møta er nøytrale, nokre er positive, og ein del kan opplevast som anstrengjande. I desse oppgåvene skal du sjå nærare på anstrengjande situasjonar med brukarar og kundar.

Sjå den korte animasjonen med døme på anstrengjande situasjonar med brukarar eller kundar før du gjer oppgåvene.

  1. I filmen blir det vist fleire tenkte situasjonar. Kan nokon av desse vere aktuelle i det framtidige yrket ditt?

  2. Kan du gi døme på liknande situasjonar som kan oppstå i yrket ditt?

  3. Har du i praksis, eller i annan jobb, opplevd anstrengjande situasjonar med brukarar eller kundar?

  4. Nokre situasjonar er anstrengjande fordi folk er negative, men dette er ikkje alltid tilfelle. Kom med nokre døme på situasjonar som kan vere anstrengjande utan at brukarane eller kundane oppfører seg dårleg.

  5. Det blir sagt at folk tek negative tilbakemeldingar meir innover seg enn positive. Kva tenkjer du om denne påstanden?

  6. Kva kan ei bedrift gjere for å redusere talet på anstrengjande og ubehagelege situasjonar i møte med brukarar eller kundar?

  7. Tenk deg at du har hatt ein tung dag på jobb. Det var ikkje berre ei enkelt hending, men mange mindre gjennom dagen. Kva kan du gjere for å redusere stress og ubehag slik at du ikkje tek det med deg heim og inn i fritida?

  8. Det er ikkje til å unngå at vi som tilsette må handtere nokre anstrengjande situasjonar, men det er òg viktig å setje grenser. Kor mykje tenkjer du at vi bør tole?

  9. Kva bør du gjere dersom du opplever arbeidssituasjonen din som for krevjande?

Ekstraoppgåver

  1. Arbeidsmiljølova inneheld krav til arbeidsmiljøet. Kva kapittel, paragrafar og ledd i lova er direkte relaterte til anstrengjande arbeidssituasjonar?

  2. Søk på internett og finn nokre nyheitssaker som handlar om stress på jobben og møte med sinte eller på andre måtar krevjande brukarar eller kundar. Skriv nokre linjer om kvar sak. Kor vanleg trur du slike situasjonar er?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tron Bårdgård og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2021

Læringsressursar

Bedriftskultur