Hopp til innhald

Fagstoff

Kvalitet og produktutvikling

Bedrifter ønskjer å utvikle produkt med god kvalitet som gjer kundar fornøgde. Utviklinga av nye produkt må òg ta omsyn til lønsemd, klima og etiske forhold. Korleis kan bedrifter vektleggje desse faktorane i produktutviklinga si?
Ordet "kvalitet" er skrive inn i eit søkjefelt på ein skjerm, og ein peikefinger trykkjer på søkjeknappen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvalitet, lønsemd, klima og etiske forhold

Kvalitet er summen av eigenskapane eit produkt har. Vi kan òg seie at det er evna produktet har til å dekkje behov og innfri krav og forventningar. I daglegtale bruker vi ofte ordet kvalitet i betydninga "god kvalitet".

I dag er det forventa at bedrifter tek omsyn til klima og etiske forhold ved produktutvikling. Bedrifter må derfor vurdere leverandørane dei bruker, og krevje at leverandørane utviklar produkta på ein berekraftig måte. Bedriftene må òg sjølve sørgje for at produktutviklinga, produksjonsprosessane, distribusjonsprosessane og den generelle drifta deira er berekraftig.

To hender som held planeten jorda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplevd kvalitet

Jo meir kundane betaler for eit produkt, jo høgare forventningar har dei til kvaliteten og eksklusiviteten til produktet. Låg pris blir ofte assosiert med låg kvalitet og eksklusivitet.

Vi seier ofte at eit produkt har god eller dårleg kvalitet, men kva som er god kvalitet for éin person er ikkje nødvendigvis god kvalitet for ein annan. Kundar har ulike krav og forventningar til eit produkt.

Ein mann vel mellom tre ansiktsikon på ein skjerm for å gi ei positiv, nøytral eller negativ tilbakemelding. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi kan bruke uttrykket opplevd kvalitet om korleis ein kunde opplever kvaliteten på ei vare eller teneste ut frå sine eigne forventningar. Den opplevde kvaliteten er subjektiv, handlar mykje om kjensler og kan vere eit resultat av . Ved til dømes eit hotellopphald kan den opplevde kvaliteten variere frå gjest til gjest.

To personar ligg og les på kvar si solseng ved eit badebasseng med utsikt utover havet. Eit barn og ein vaksen badar, og ein DJ speler musikk ved bassenget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ulike typar kvalitet

Vi kan skilje mellom fleire typar kvalitet:

  • teknisk kvalitet

  • relasjonskvalitet

  • funksjonell kvalitet

  • estetisk kvalitet

Teknisk kvalitet

Teknisk kvalitet handlar om ytinga og haldbarheita til produktet. Er symjebassenget i orden? Fungerer sentralvarmeanlegget som det skal? Går skiheisen når han skal, og er han sikker? Held flyet seg i lufta på ferda mellom A og B? Fungerer bestillingssystemet? Fungerer skrivaren når fakturaen skal skrivast ut? Blir badstova god og varm i tide? Er biffen mør? Er vinen riktig temperert? Startar bilmotoren?

Eit produkt har ein tilfredsstillande teknisk kvalitet når det verkar som det skal. God teknisk kvalitet gir solide produkt med lang haldbarheit. Produkt som har god kvalitet og god haldbarheit, er meir berekraftige og betre for klimaet.

Relasjonskvalitet

Når forholdet mellom servicearbeidarar og kundar er prega av god kommunikasjon, venlegheit, høflegheit og pålitelegheit, er relasjonskvaliteten god.

For mange kundar er gode relasjonar avgjerande for korleis dei oppfattar den totale kvaliteten på servicen. God relasjonskvalitet er derfor ein viktig konkurransefaktor som har mykje å seie for om en kunde kjem tilbake.

Ein smilande mann sjekkar inn på eit hotell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Funksjonell kvalitet

Funksjonell kvalitet handlar om kva eit produkt gjer for oss. Eit dørhandtak skal kunne brukast til å opne og lukke ei dør. Ei vasskran skal gi oss varmt og kaldt vatn. Ein turistbuss skal frakte folk.

At eit produkt er funksjonelt, betyr at det er føremålstenleg og praktisk. Ein turistbuss har god funksjonell kvalitet når han fraktar folk på ein behageleg og trygg måte, og når det er lett for passasjerane å gå på og av bussen.

Estetisk kvalitet

Estetisk kvalitet handlar om utsjånad og fysiske omgivnader. For eit hotell har både plassering, arkitektur, møblar og utsmykking ei betydning. Hotellet kan vere moderne eller umoderne, nytt eller gamalt. I Noreg reklamerer hotellkjeda De Historiske med at dei er ei "samling av Norges mest sjarmerende hoteller og matsteder".

Viss kundane opplever produktet og dei fysiske omgivnadene som tiltalande, tyder det på at den estetiske kvaliteten er tilfredsstillande.

Fasaden til Dalen Hotel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 23.11.2021

Læringsressursar

Berekraftig innovasjon