Hopp til innhald

Fagstoff

Brukarstyrt produktutvikling

For å få fart på produktutviklinga kan vi involvere brukarane våre, altså kundane. Dei har både interesse for og kompetanse om produkta våre.
Idélab med mange lappar og notat på eit ark. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brukarstyrt innovasjon

Kundane blir i aukande grad teke med i sjølve utviklingsprosessen for produkt. Stormberg er eitt døme på ei bedrift som gjer nettopp dette, ved at dei lèt brukarane gi tilbakemeldingar via sosiale medium. Vi kan òg nemne NDLA, som lèt elevar og lærarar teste ut og gi tilbakemelding på innhald, struktur og design.

Eit tredje døme er Freia, som i 2020 inviterte heile Noreg til å lage sin eigen variant av mjølkesjokolade, i konkurransen Sjokoladeoppfinneren.

Les meir om konkurransen Sjokoladeoppfinneren

Artikkel om Freias første sjokolade laga av folket, frå convenience.no

Mykje av arbeidet med brukarstyrt innovasjon er å leggje til rette for at kundane og medarbeidarane skal bli interesserte i produktet og tenkje innovasjon og produktutvikling.

Bedrifta må òg lage arenaer der idear kan kommuniserast. I dag bruker vi ofte sosiale medium for å uttrykkje meiningar om produkt.

Tenk over

Har du nokon gong vore i kontakt med ei bedrift og kome med kritikk av produkt, eller forslag til forbetringar?

Kva fekk deg eventuelt til å gjere det, og korleis vart førespurnaden motteken?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.05.2018

Læringsressursar

Berekraftig innovasjon