Hopp til innhald

Fagstoff

Funksjonalismen

På mange måtar er funksjonalismen meir eit program for god design enn ein klart definert stilart. Han skulle vere eit idégrunnlag arkitektar og designarar kunne bruke til å lage ting som skulle dekkje behova til vanlege menneske. Idealet var eit enkelt formspråk, der form skulle følgje funksjon.
Bygginga av Eiffeltårnet i 1888. Fire foto av ulike fasar. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I 1889 blei Eiffeltårnet bygt til verdsutstillinga i Paris. På denne tida blei dette sett på som eit mirakel av ingeniørkunst. Konstruksjonen av jernbjelkar som strekte seg mot himmelen var noko heilt nytt.

Nye teknikkar og materialar bidrog til å utvikle ei ny stilretning. Funksjonalismen oppstod i perioden 1920 til 1940 og høyrer til under modernismen. Jernet var blitt billegare, og oppfinninga av armert betong gjorde at ein no kunne byggje store hallar med flatt tak, støtta opp berre med tynne jernsøyler.

Moderne arkitektur

I dag snakkar vi gjerne om funkishus. Vi har lånt ordet funkis frå svensk og bruker det ofte om bygningar med ein funksjonalistisk arkitektur.

Funksjonalistisk arkitektur i grått. Foto.

Den austerrikske arkitekten Otto Wagner teikna først hus i jugendstil. I 1896 gav han ut ei bok han kalla Moderne arkitektur. Der skreiv han: "Nye menneskelege oppgåver og synspunkt krev ei forandring eller nyordning av dei eksisterande stilane". I 1909–12 teikna han ei bustadblokk i Neustiftgasse 40, i Wien, etter det han meinte skulle vere dei nye prinsippa – funksjonalismen.

Tyskamerikanaren Ludwig Mies van der Rohe, sveitsaren Charles-Edouard Jeanneret, betre kjend under kunstarnamnet Le Corbusier, og finnen Hugo Alvar Henrik Aalto er andre sentrale arkitektar som fremja den nye stilarten. Alle tre var fødde i den siste halvdelen av 1880-talet, og hadde sine mest formande år etter første verdskrigen.

Ludwig Mies van der Rohe

Van der Rohe sette seg som mål å skape ein ny stil som skulle varsle om ei ny tid. Allereie i 1921 teikna han eit oppsiktsvekkjande forslag til ein skyskrapar bygd i glas. I 1937 måtte han emigrere til USA på grunn av dei politiske forholda i heimlandet. I USA teikna han ei rekkje høghus i den nye stilen. Blant desse blir Seagram-bygninga i New York, frå 1957, sett på som eit høgdepunkt i moderne høghusarkitektur. Van der Rohe kalla sjølv den nye stilen for internasjonal stil. Han skal ha vore den første som formulerte slagordet "less is more", eller "mindre er meir" på norsk.

Le Corbusier

Le Corbusier gjekk tilbake til renessansen for å få proporsjonane i det han gjorde til å bli riktige. Han brukte det gylne snittet, og formulerte fem punkt for design av hus:

  1. bruk av stolpar av armert betong saman med golv av same materiale, slik at hagen kunne gå inn under huset
  2. bruk av takterrassar for å minske arealet huset opptok
  3. bruk av ei open løysing for å gjere det mogleg med fleksibel innreiing og for å sleppe å bruke plass på innvendige vegger
  4. bruk av horisontale vindauge for å få ei jamnare fordeling av lys
  5. bruk av den slette fasaden som mest funksjonell og estetisk
Funksjonalistisk hus med mange vindauge og søyler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Le Corbusier ønskte å forenkle innreiinga av bustadar, og han har designa ei rekkje spennande møblar. Liggjestolen hans har blitt ein klassikar. Veggar blei fjerna der dei ikkje var absolutt nødvendige, eller dei kunne flyttast. Frå 1930 interesserte han seg særleg for byplanlegging. Han var overtydd om at arkitektur i det 20. hundreåret ikkje ville handle om den enkelte bygninga, men om korleis byen som heilskap var organisert.

Alvar Aalto

Alvar Aalto var en finsk arkitekt og designar. Han blei tidleg kjend som ein funksjonalist som ville skape enkle, geometriske, vakre og samtidig velfungerande bygningar.

Typisk for arkitekturen til Aalto er at han tek tak i dei reine linjene i funksjonalismen og bryt dei opp i organiske bogar. Blant dei mest kjende verka hans er Finlandiahuset i Helsingfors, nokre studentbustader ved Massachusetts Institute of Technology, eit kunstmuseum i Shiraz i Iran og bustadområde i Seinäjoki og Zürich.

Funksjonalistisk bygg i svart og kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Saman med kona Aino Aalto arbeidde han også med glasdesign. Eit av dei mest kjende eksempla er den såkalla Aalto-vasen. Men det finske glasbruket Iittala har produsert mange ulike glasprodukt som er designa av Aino og Alvar Aalto.

Alvar Aalto har også sett merke etter seg som møbeldesignar. Særleg er det mange stolar som lever vidare etter han i designhistoria. Det var tre- og firbeinte krakkar, stolar og lenestolar.

Lenestol i formbøygd laminert bjørkefiner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bauhaus

Alle desse arkitektane og formgivarane bygde på erfaringane frå Bauhaus-skulen i Tyskland, som blei grunnlagt i 1919 av arkitekten Walter Gropius. Skulen var ei vidareføring av Henry van de Veldes kunsthandverksskule i Weimar, og prøvde å byggje bru mellom "kunst" og ”handverk”.

Ein av lærarane på Bauhaus-skulen heitte Johannes Itten. Han er mest kjend for fargeteorien sin, men var også ein nybrotsmann innanfor kunstpedagogikken. Han utfordra elevane til å arbeide heilt fritt med form, farge og materialbruk.

Eit kjent døme på eit designmøbel frå Bauhaus-skulen er Marcel Breuers stålrørsstol "Wassily" frå 1925. Skulen blei stengd av nazistane i 1933, og mange lærarar og elevar flytte då til USA.

Interiør med stolar designa av Marcel Breuer. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

De Stijl-gruppa

Komposisjon i raudt, blått og gult. Måleri.

Ei anna rørsle som inspirerte funksjonalismen var De Stijl-gruppa i Nederland med Gerrit Rietveld som leiar. Dei konsentrerte seg om form og farge og abstraherte uttrykket. Dei forenkla komposisjonar ned til horisontale og vertikale retningar, og dei brukte berre primærfargane raudt, blått og gult saman med svart og kvitt. De Stijl påverka ikkje berre måleriet, men også den internasjonale stilen i arkitekturen, interiørdesign og mote.

Funksjonalismen i Noreg

Eit av dei første funksjonalistiske bygga i Norden var Skansen restaurant ved Akershus festning i Oslo. Det blei teikna av Lars Thalian Backer i 1926, og rive med riksantikvaren som pådrivar i 1970. Backer teikna også Ekebergrestauranten frå 1929, som etter omfattande restaurering blei gjenopna i 2005. Bygget var då blitt freda i 2002.

Ekebergrestauranten, ei bygning i funkisstil måla i kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Bergen er forretningsgarden til AS Sundt & Co. på Torgalmenningen det første funkisbygget som blei freda, i 1988. I Trondheim er Telegrafbygningen frå 1940 eit typisk funkisbygg, teikna av Peter Daniel Hofflund.

Industridesign

I denne presentasjonen av funksjonalismen har vi lagt hovudvekta på arkitektur og møbeldesign. Men trua funksjonalistane hadde på ein ny industriell tidsalder la grunnlaget for det vi i dag kallar industridesign. Industridesign går ut på å planleggje og teikne produkt for industriell produksjon.

Les meir om industridesign.

Klede og mote

Herremoten endra seg litt på 1920- og 30-talet. Jakkedressen var nærmast einerådande til kvardags. Sjakett er ein lang jakke som er avrunda framme. Han kunne brukast til pent formiddagsantrekk. Smoking blei brukt til selskap, og kjole og kvitt til galla. Dette var motebiletet for overklassen. Den høge, stive skjortesnippen blei avløyst av ein låg, mjuk snipp. Til daglegantrekket høyrde små, lyse gamasjar til. Ein verkeleg herre pynta seg gjerne med ein velpleidd bart. Det oppstod sports- og fritidsantrekk som kunne brukast både av damer og herrar.

Portrett av Knut Hamsun med famile. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Vestleg kultur utvikla seg i ei ny retning. Eksperimentering, kunstnarisk fridom og tru på framskrittet blei lagt vekt på, også innan kunsthandverk.

CC BY-SARettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 04.07.2019

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer