Hopp til innhald

Fagstoff

Stilhistorie og uttrykkshistorie

Stilhistorie, filmhistorie og fotohistorie viser oss korleis dagens medieuttrykk utviklar seg som følgje av tekniske nyvinningar og ideologiske og politiske straumdrag.
Fire atletiske menn, tre av dei er heilt nakne. Stilen er typisk for måla keramikk frå det antikke Hellas. Bilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Korleis kan vi bruke tidlegare trendar og stilartar som inspirasjon til eigne medieuttrykk? Korleis kan vi bruke kjenneteikn ved tidlegare medieuttrykk til å forstå og tolke vår eiga tid?

Stilhistoria

Stilhistoria beskriv estetiske kjenneteikn – særleg ved arkitektur, skulptur og biletkunst i ein gitt tidsepoke. I ein stilhistorisk epoke blir gjerne dei estetiske kjenneteikna sette i samanheng med ideologiske straumdrag og teknologiske nyvinningar frå epoken.

Uttrykkshistoria

Uttrykkshistoria er eit vidare omgrep enn stilhistoria. Ho omfattar òg uttrykk i kultur- og mediehistoria. Foto- og filmhistoriske periodar høyrer med i uttrykkshistoria. Uttrykkshistoria tematiserer nye idear, oppfinningar og kommunikasjonsmoglegheiter, og ho forklarer ofte korleis dette pregar utviklinga av medieuttrykk. Uttrykkshistoria overlappar litt med mediehistoria.

Stilretning eller historisk periode

Epoke betyr tidsavsnitt eller æra. Ein epoke er ei avgrensa tid av historia og har ein særeigen karakter. Vi skil mellom det som kan kallast ein historisk periode og det som er ein stilhistorisk epoke eller ei stilretning.

Teknologiutvikling og samfunnsutvikling i ein historisk periode set ofte preg på stilretningar som er dominerande for perioden. Modernismen (1890–1970), til dømes, hadde opphavet sitt i ei tid prega av rask teknologisk utvikling, brot med tradisjonar og større fokus på individet.

The Cotillion Dance av James Caldwell. Fargetrykk.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det kan diskuterast når ulike stilretningar eller historiske epokar startar og sluttar. Fagfolk bruker litt ulike inndelingar. Særleg etter år 1900 finst det eit vell av stilnemningar.

Nokre kunstuttrykk kan det vere vanskeleg å plassere innanfor ein bestemd stil. Kanskje det er brukt element og inspirasjon frå fleire stilar samtidig? Kanskje stemmer ikkje stilen overeins med kva som var på moten i perioden det vart laga?


Nokre klassiske stilretningar
  • Egyptisk stilhistorie
  • Gresk stilhistorie
  • Romersk stilhistorie
  • Renessansen
  • Barokken
  • Rokokko
  • Klassisismen
  • Romantikken
Nokre moderne stilretningar
  • Art nouveau
  • Modernismen
  • Funksjonalismen
  • Art deco
  • Popdesign
  • Postmodernismen
  • Minimalismen
Nokre periodar i filmhistoria
  • Stumfilm
  • Klassisk film
  • Montasjefilm
  • Bølgjefilm
  • Film noir
  • Amerikansk hegemoni
  • Digital film

Bruk blikket

Øver du deg, vil du etter kvart oppdage at noko er typisk minimalisme, noko er typisk barokk og noko anna heilt klart er popkunst.

Hund og frosk i sofa. Sofaen har eit stort auge i kvart armlene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kilde

Persvald, A. Z. (2019, 26. februar). Epoke. I Store norske leksikon. Henta 18. mars 2020 frå https://snl.no/epoke

CC BY-SASkrive av Ellen Johansen, Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Innføring i stilartar og uttrykksformer