Hopp til innhald

Fagstoff

Hovudinndelingar av avfall

Her lærer du korleis vi klassifiserer avfallet i hovudgrupper ut frå ulike føremål.
4 avfallsbøtter med lokk i forskjellige farger.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Avfallstypane forureiningslova skildrar

Ut frå juridiske føremål skil forureiningslova mellom tre hovudkategoriar: hushaldsavfall, næringsavfall og spesialavfall.

Forureiningslova § 27 definerer omgrepet avfall og dei tre hovudkategoriane slik:

Avfall

Med avfall meiner ein kasserte lausøyregjenstandar eller stoff. Som avfall reknar ein òg overflødige lausøyregjenstandar og stoff frå tenesteyting, produksjon og reinseanlegg og anna. Avløpsvatn og avgassar blir ikkje rekna som avfall.

Hushaldsavfall

Som hushaldsavfall reknar ein avfall frå private hushald, under dette også større gjenstandar som inventar og liknande.

Næringsavfall

Som næringsavfall reknar ein avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar.

Spesialavfall

Som spesialavfall reknar ein avfall som det ikkje er føremålstenleg å behandle saman med anna hushaldsavfall eller næringsavfall på grunn av storleiken på avfallet eller fordi det kan føre til alvorleg forureining eller kan vere fare for skade på menneske eller dyr.

Emballasje- og produktavfall

Vi skil også mellom emballasje- og produktavfall:

Emballasjeavfall

Glas-, plast-, fiber- og metallemballasje. Vi emballerer varer i fleire nivå. Til dømes emballerer daglegvarebransjen på F-pak-, D-pak- og T-pak-nivå.

Produktavfall

Eit produkt som er kassert.

Avfallsforskrifta og den europeiske avfallslista (EAL)

EU sine reglar for avfallsbehandling er innarbeida i norsk lov gjennom avfallsforskrifta. Denne forskrifta fastset reglar for følgjande avfallskategoriar:

Tabell: Reglar for visse avfallstypar i avfallsforskrifta

Farleg avfall omfattar ei lang rekkje stoff og stoffblandingar. Kva som blir rekna for å vere farleg avfall, kjem fram i vedlegg 1 til kapittel 11 i avfallsforskrifta. Vedlegget inneheld Den europeiske avfallslista (EAL), som grupperer avfall i 20 avfallsgrupper.

Avfallslista inneheld både farlege avfallstypar og ikkje-farlege avfallstypar. Dei farlege avfallstypane er merkte med ei stjerne i lista. Samla sett er om lag 850 avfallstypar lista opp i EAL. Talet på avfallstypar som var definerte som farleg avfall, var per juni 2012 om lag 420. Ei oppdatert EAL blir publisert med ujamne mellomrom.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk