Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis vil framtida for transport- og logistikkbransjen sjå ut?

I denne podkasten får du høyre kva Oda (Kolonial.no) tenkjer om framtida til bransjen.

Gå gjerne inn på lenkja og bli litt kjend med kven Oda er, og kva dei står for: Oda (oda.no).

Logo for podkastserie. Stilisert bilde av ein motorveg. Fargerike linjer på kvar side av vegen fører inn til sentrum av ein storby. Øvst står tittelen "Tekniske fag". Foto.kert utanfor eit lagerbygg. Foto.
Tekniske fag

Framtida til transport- og logistikkbransjen

Podkast med Oda (Kolonial.no) om kva dei tenkjer om framtida for transport- og logistikkbransjen, og korleis bransjen kan tenkje meir miljøvennleg framover.

0:00
-0:00

Gå saman i grupper og diskuter med utgangspunkt i spørsmåla

  • På kva måte trur de at transport- og logistikkbransjen kan bidra til eit betre miljø?

  • Korleis kan transportfirma minimere CO2-utsleppa sine?

  • Kor viktig er det at transport- og logistikkbransjen går i ein meir miljøvennleg/berekraftig retning?

  • I podkasten snakkar dei litt om sjølvkøyrde køyretøy og automatiserte lager. Kva tenkjer du om dette?

  • Vil automatiserte køyretøy føre til mindre miljøbelastning, og i så fall på kva måte? Kor realistisk er det, og kva utfordringar ser bransjen for seg?

  • Kva skjer med dei tilsette ved automatisering?
    · Vil funksjonar forsvinne?
    · Vil tilsette bli overflødige?
    · Kva for nokre nye funksjonar må fyllast?
    · Kva trengst av ny kompetanse?

  • Kva seier dei i podkasten om framtidige handelsmønster, og på kva måte vil dette påverke transport- og logistikkfunksjonane?

CC BY-SASkrive av Mette Broen.
Sist fagleg oppdatert 04.10.2021

Læringsressursar

Berekraftig utvikling, miljøvennleg drift og grøn logistikk