Hopp til innhald

Fagstoff

Førebyggande vedlikehald

Her lærer du kva eit godt førebyggande vedlikehald har å seie for driftskostnadene til eit køyretøy.
Ein buss står over ei grav, ein annan er jekka opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vedlikehald

Vedlikehaldsprogrammet for eit køyretøy er ein del av brukarrettleiinga bilfabrikken har for produktet. Vedlikehaldsprogrammet skal sikre at produktet er driftssikkert og trafikksikkert, og at driftskostnadene blir låge.

Vedlikehaldsprogrammet til eit køyretøy består av

  • rutinemessig service ved bestemte transportintervall
  • utskifting av slitasjekomponentar etter spesifiserte kilometerintervall

Rutinemessig service

Som regel gir instrumentpanelet i nyare køyretøy melding når eit køyretøy skal ha service eller utskifting av komponentar. I moderne flåtestyringsprogram er det også varsling når det er på å bestille service. Til desse programma er det ofte utvikla appar, så både sjåførane og administrasjonen i bedrifta kan følge med på servicebehovet igjennom dei.

Det kan likevel vere lurt å følge med på serviceintervalla sjølv, det kan hende varsellampene ikkje verkar. Du bør derfor forsikre deg om at dei viktigaste delane blir skifta når dei skal. Noter det gjerne i vognboka til køyretøyet dersom du oppdagar avvik eller noko som bør sjekkast.

Ein mekanikar utfører service på eit køyretøy. Foto.

Service og verkstadopphald bør planleggast i god tid med tanke på drifta av køyretøyet for bedrifta, men også med tanke på arbeidstida til sjåføren.

Utskifting når komponentane har nådd levealderen sin

Nokre komponentar i eit køyretøy er slitasjedelar. Slitasjedelar har ulik levetid, derfor må vi følge med og sørge for utskifting når levealderen er nådd.

Det er ikkje nødvendigvis slik at det lønner seg å tøye levetida på dei ulike komponentane. Dette kan fort resultere i havari som kan koste betydeleg meir enn det vi meinte å spare.

I tillegg kan du få store bøter dersom du går på akkord med tryggleiken, til dømes ved å køyre på nedslitne dekk.

Forsikring

Når vi forsikrar eit køyretøy, inngår vi ein avtale med eit forsikringsselskap. I ein slik avtale føreset forsikringsselskapet at vi følger rettliingane frå leverandøren om førebyggande vedlikehald. Om vi ikkje følger desse rettleiingane, bereknar forsikringsselskapa ein avkortingsfaktor. Det betyr at den erstatninga du har avtalt, blir redusert med ein prosentsats. Viss erstatninga blir korta ned 100 %, får du inga erstatning.

Det beste er derfor at alle følger det tilrådde førebyggande vedlikehaldsprogrammet frå køyretøyfabrikken. Då bidreg vi til å sikre at bedrifta heile tida har låge og føreseielege kostnader.

Oppgåve

Kan du nemne nokre slitasjedelar som må skiftast med jamne mellomrom på eit tungt køyretøy?

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 29.04.2022

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar