Hopp til innhald

Fagstoff

Kalkylar

Lær å bruke ulike typar kalkylar for å rekne ut prisen på eit transportoppdrag.

Oppdragskalkyle

Ein oppdragskalkyle viser kostnader knytte til eit konkret oppdrag. Vi kan bruke anten ein sjølvkostkalkyle eller ein bidragskalkyle for å komme fram til kva eit oppdrag kostar, og om det er lønnsamt.

Sjølvkostkalkyle

I transportbransjen er det vanleg å bruke sjølvkostkalkylar. Sjølvkost er summen av alle faste og variable kostnader ved eit transportoppdrag.

  • Variable kostnader er knytte direkte til oppdraget, slik som drivstofforbruk og slitasje på bil.

  • Faste kostnader løper uavhengig av talet på oppdrag, til dømes lønn til administrativt personale og kontorleige. Kvart enkelt oppdrag må tene inn ein del av dei faste kostnadene.

Oppå sjølvkostsummen legg vi fortenesta, som er det bedrifta tener på oppdraget. Då får vi totalprisen kunden skal betale.

Grafisk framstilling av sjølvkostkalkyle, sett opp som eit reknestykke. Dei ulike postane er plasserte horisontalt etter kvarandre. Variable kostnader, faste kostnader og forteneste blir lagde saman, og summen er lik prisen ut mot kunde. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bidragskalkyle

På grunn av konkurransesituasjon kan det nokre gonger vere nødvendig å bruke ein gitt marknadspris for oppdraget. Marknadsprisen er den prisen vi reknar med at kundane er villige til å betale ut frå den aktuelle konkurransesituasjonen.

For å finne ut om det er lønnsamt å tilby oppdraget til denne prisen, bruker vi bidragskalkyle. Då tek vi salsprisen og trekker frå dei variable kostnadene. På denne måten får vi dekningsbidraget, det vil seie summen av faste kostnader og eventuell forteneste.

Grafisk framstilling av reknestykket for bidragskalkyle: Salspris minus variable kostnader er lik dekningsbidrag. Dei ulike postane i reknestykket er sett opp horisontalt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss dekningsbidraget er mindre enn dei faste kostnadene, er ikkje oppdraget lønnsamt. I periodar med få oppdrag kan det vere betre å få dekt nokre faste kostnader enn ikkje å få inn pengar i det heile. Då kan ein ta på seg oppdrag sjølv om ein ikkje går med overskott. På lengre sikt derimot må det samla dekningsbidraget frå alle transportoppdraga vere stort nok til å dekke alle faste kostnader og gi forteneste.

Årskalkyle

Ein årskalkyle er ei utrekning av alle faste og variable kostnadene ved å drive lastebiltransport i løpet av eit år. Når vi veit kva dei totale kostnadene er, kan vi samanlikne totalkostnader og totalinntekter og vurdere om vi har prisa transportoppdraga våre rett.

Modell av årskalkyle. Modellen viser at årskalkylen omfattar sum variable kostnader og sum  faste kostnader for ei bedrift. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lønn er den største kostnaden for transportbedrifter. Lønn til administrativt personale og den faste lønna til sjåførane er ein fast kostnad, mens lønn knytt opp mot oppdrag er ein variabel kostnad.

Det er også mogleg å ha lønnskostnader som ein eigen kostnadstype i ein årskalkyle, ved sida av faste og variable kostnader.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Mette Broen, Stina Åshildsdatter Grolid og Tone Hadler-Olsen. Rettshavar: Norges Lastebileier-Forbund
Sist fagleg oppdatert 31.03.2023

Læringsressursar

Økonomiske kalkylar og prisutrekningar