E-verb
Her er to eksempel på e-verb i nynorsk:
- å kjøpe – eg kjøper – eg kjøpte – eg har kjøpt
- å leve – dei lever – dei levde – dei har levd
Mange av e-verba på nynorsk blir bøygde likt som e-verba på bokmål.
Bruker du mykje tid på å slå opp verbformer i ordlista? Da kan det vere greitt å vite at det iallfall ikkje er vanskeleg å kjenne igjen a-verb og e-verb. Her kjem ein regel som stemmer for svært mange av a- og e-verba:
- Dersom verbet får endinga -a eller -et i preteritum i dialekten din, har du med eit a-verb å gjere.
- Dersom verbet får endinga -te eller -de i preteritum i dialekten din, har du med eit e-verb å gjere.
Eksempel 1
Du lurer på om “å sykle” er eit a-verb eller eit e-verb. Antakeleg seier du: “I går sykla jeg.” Eller: “I går syklet jeg.” Da kan du vere ganske sikker på at du har med eit a-verb å gjere.
Eksempel 2
Du lurer på om “å lyse” er eit a-verb eller eit e-verb. På talemålet ditt heiter det antakeleg “Lampa lyste”. Da har du nok med eit e-verb å gjere.
E-verb eller a-verb? Bruk preteritumstesten og avgjer kva form som er rett.
Gjer om frå preteritum til presens. Skriv heile setningar, slik som i eksempla. (Hugs punktum!):
- Han meistra nynorsk godt. > Han meistrar nynorsk godt.
- Vi lærte kinesisk. > Vi lærer kinesisk.
Gjer om frå preteritum til presens perfektum, slik som i eksempla. (Hugs punktum!):
- Han meistra nynorsk godt. > Han har meistra nynorsk godt.
- Vi lærte kinesisk > Vi har lært kinesisk.
Ein del verb kan bøyast anten som a-verb eller som e-verb.
Eksempel:
- Å bake – eg bakar – eg baka – eg har baka
- Å bake – eg baker – eg bakte – eg har bakt
Klikk på dei verba du meiner har valfri bøying som a-verb eller e-verb. (Det er lov å slå opp i Nynorskordboka.)