Vanlege nynorskfeil 2: verb - Fem litt vrine verb - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Læringssti

Du er nå inne i en læringssti:
Vanlege nynorskfeil 2: verb

Øvelse

Fem litt vrine verb

Somme av verba du bruker mykje, har ei litt vrien bøying. Dei kan det vere lurt å øve ekstra på.

infinitiv

presens

preteritum

perfektum

Å lese

no les eg

i går las eg

eg har lese

Å vere

no er eg

i går var eg

eg har vore

Å gjere

no gjer eg

i går gjorde eg

eg har gjort

Å komme

no kjem eg

i går kom eg

eg har komme

Å skrive

no skriv eg

i går skreiv eg

eg har skrive

Uthevingane viser den forma som er det vanlegast å gjere feil på. Pugg desse fem verba. Dei bruker du mykje i eiga skriving.

Øving 1

Vi tar fem verb til!

No som du er godt i gang, tar vi fem nye verb du ofte kan få bruk for:

infinitiv

presens

preteritum

perfektum

Å seie

no seier eg

i går sa eg

eg har sagt

Å bu

no bur eg

i går budde eg

eg har budd

Å halde

no held eg

i går heldt eg

eg har halde

Å sette

no set eg

i går sette eg

eg har sett

Å ligge

no ligg eg

i går låg eg

eg har lege

Uthevingane viser den forma som er det vanlegast å gjere feil på.

Øving 2

Skrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 22.08.2019