Dette kurset i nynorsk passar for deg som har nynorsk som sidemål. Kurset kan også vere til god hjelp for deg som har nynorsk som hovudmål.
Eit kurs som bygger på bokmålsnære former
I 2012 fekk vi ei ny skrivenorm for nynorsk. Nå finst det ikkje lenger såkalla sideformer – alle formene som står i ordlista, er hovudformer. Mange ord har nå berre éin rett skrivemåte i nynorsk. Før kunne elevar for eksempel velje mellom berre og bare, eller mellom nokon og noen. Nå må det heite berre og nokon.
Ein del ord kan framleis skrivast på fleire måtar, som for eksempel no og nå. Og ofte finst det synonym der eitt av orda er meir bokmålsnært enn det andre, som nyheit og nyhende. I desse tilfella har vi i nynorskkurset vårt valt dei formene som ligg nærmast bokmål. Bli derfor ikkje forskrekka om du møter ord og former som nå i staden for no, eksempel i staden for døme, sitte i staden for sitje osv. Alle desse formene kan du fint bruke i både nynorsk og bokmål!
Korleis arbeider du med emnet?
Vi har laga fleire læringsstiar som tar deg gjennom kvar enkelt ordklasse. I læringsstiane ligg reglane og oppgåvene samla. Du kan sjølvsagt lage din eigen arbeidsplan og plukke oppgåver og fagressursar om du heller vil det. Det viktigaste for å bli god i nynorsk er at du øver mykje!