Pronomen - Kva kan du frå før om pronomen? - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhold
Læringssti

Du er nå inne i en læringssti:
Pronomen

Kva kan du frå før om pronomen?

Sjekk kunnskapane dine om pronomen og ta ein liten repetisjon om nødvendig.

Dei personlege pronomena på bokmål

På bokmål ser dei personlege pronomena slik ut:

Person og tal

subjektform

objektform

1. person eintal

jeg

meg

2. person eintal

du

deg

3. person eintal

han
hun
det
den

han/ham
henne
det
den

1. person fleirtal

vi

oss

2. person fleirtal

dere

dere

3. person fleirtal

de

dem

Subjekt og objekt

Som du ser, har personlege pronomen både subjekt- og objektform. Du bruker desse formene mest sannsynleg ganske korrekt, men er du sikker på kva vi meiner med subjekt og objekt i ei setning? Ta testen under og sjekk. Får du alt rett, kan du trygt gå vidare til oppgåve 3.

Får du nokon feil, bør du repetere enkel setningsanalyse. Det er viktig at du meistrar analysen før du set i gang med pronomena på nynorsk.

Øving 1

Subjekt og objekt i setninga

Treng du å få repetert litt?

Dersom du fekk nokon feil i oppgåve 1, bør du legge inn ei rask repetisjonsøkt.

Enkel setningsanalyse: subjekt, verbal og objekt

Setningsledd

Ei setning består av fleire ledd. Kvart ledd har ein bestemt funksjon, og i ein setningsanalyse finn vi ut kva for ledd setninga inneheld. Alle setningane må ha setningsledda subjekt og verbal. I tillegg kan dei innehalde andre setningsledd, nemleg objekt, predikativ eller adverbial. Vi skal her ta for oss subjekt, verbal og objekt.

Verbal

Verbalet fortel oss kva som skjer. Det er enkelt å finne, for verbalet er alltid verbet/verba i setninga. I setninga Han ser meg vil altså ser vere verbalet, i setninga Han har sett meg er verbalet har sett.

Subjekt

Subjektet er til vanleg den som utfører handlinga. Skal du finne subjektet i setninga Han ser meg, spør du: Kven eller kva er det som ser? Da er svaret han, og han er altså subjektet.

Subjekt-spørsmålet: Kven eller kva er det som ...?

Objekt

Objektet i setninga er den eller det som handlinga er retta mot. For å finne objektet i setninga Han ser meg, spør du: Kven eller kva er det han ser? Svaret du da får, er meg. Meg er derfor objekt i setninga.

Objekt-spørsmålet: Kven eller kva er det + subjekt + verbal?

Øving 2

Dei personlege pronomena på nynorsk

Øving 3

Finn du feilen?

I kvar av dei tre nynorsksetningane under er det eitt ord som er feil. Det er den same feiltypen som går att i alle setningane.

Skriv ned det ordet du meiner er feil. Fortel sidemannen med eigne ord kvifor dette ordet er feil, og kva du bør erstatte det med.

  1. Kvar er boka? Eg la den på bordet.
  2. Har du sett benken i hagen? Den er ny.
  3. I går kjøpte Oscar ei ny skjorte. Den var skikkeleg fin.

Løysinga får du i e-forelesinga som kjem etterpå.

Øving 4

Omsetting

Kor mykje kan du frå før om nynorske pronomen? Omsett setningane under til nynorsk. Fasiten kjem i e-forelesinga.

  1. Har dere sett den nyeste James Bond-filmen?
  2. Vi ønsker dere alle velkommen!
  3. Dere må skynde dere.
  4. Har du sett sokkene mine? Ja, de ligger på gulvet.
  5. Nei, jeg har ikke sett dem.
  6. Er det slik man lukeparkerer?
  7. De er glade i hverandre
  8. Hvem eier katten?
  9. Hva skal vi spise til middag?
  10. Hvilket hus bor du i?
  11. Hvilke sko er dine?
Skrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 17.05.2019