Sterke verb - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhold
Øvelse

Sterke verb

Sterke verb er ein type verb som vi har i både bokmål og nynorsk. Ein del av dei er svært mykje brukte. Nokon av dei viktigaste sterke verba bør du kunne bøye utanåt.

Kjenneteikn

Kva er spesielt ved bøyinga av sterke verb i nynorsk, samanlikna med for eksempel e-verb og a-verb? Under ser du eit e-verb, eit a-verb og to sterke verb. Sjå på dei og prøv å forklare forskjellen. Hint: Det er særleg slutten på verba som er interessant her.

Å KJØPE

Å KASTE

Å SKRIVE

Å FINNE

eg kjøper

eg kastar

eg skriv

eg finn

eg kjøpte

eg kasta

eg skreiv

eg fann

Svar (Ikkje kikk før du har formulert ditt eige svar!)

Sterke verb i nynorsk får ikkje ending i presens. På bokmål heiter det jeg skriver og jeg finner, men på nynorsk må det vere eg skriv og eg finn.


Sterke verb får ikkje ending i preteritum: eg skreiv, eg fann. E-verba og a-verba, som du allereie har lært om, høyrer derimot til dei såkalla svake verba. Desse verba har ending i preteritum: eg kjøp-te, du lev-de, vi bu-dde.


Sterke verb endrar også rotvokal i dei ulike tidene: å skrive – i går skreiv eg – eg har skrive; å finne – i går fann eg – eg har funne. Dei svake verba har same rotvokal i alle verbtidene: kjøper - kjøpte - har kjøpt (det finst nokon få unntak).


Punkt to og tre gjeld for både bokmål og nynorsk.

Øving 1

Presens av sterke verb. Hugs stor bokstav og teiknsetting!

Nokon vanlege sterke verb

Det som kjenneteiknar sterke verb, er at dei får ei litt uvanleg bøying. Derfor må du ofte slå opp i ordboka for å vere sikker på å finne riktig form. Men nokon verb er så mykje brukte at det kan vere like greitt å pugge dei. No skal du pugge fem av dei aller vanlegaste sterke verba. Prøv å lære dei heilt utanåt før du går til oppgåvene.

Infinitiv

presens

preteritum

presens perfektum

å finne

finn

fann

har funne

å komme

kjem

kom

har komme

å lese

les

las

har lese

å skrive

skriv

skreiv

skrive

å vere

er

var

har vore

Øving 2

Presens og presens perfektum av sterke verb

Oppsummering: sterke verb, a-verb og e-verb

Nå må du halde tunga rett i munnen, for i dei siste øvingane skal du øve på alt du har lært hittil om verb.

Dersom du er i tvil om kva for verb du har med å gjere: Tenk over kva preteritumsform du bruker når du snakkar (preteritum er den forma du kan sette “i går” framfor).

  • Seier du viste, levde, sydde, er det eit e-verb. Da skal det ha endinga -er i presens.
  • Seier du kasta eller kastet, er det eit a-verb. Da skal det ha endinga -ar i presens.
  • Endrar verbet vokal frå presens til preteritum (jeg vinner – i går vant jeg), er verbet sterkt og skal ikkje ha ending i presens i nynorsk.

Øving 3

Presens, preteritum og presens perfektum av sterke og svake verb.







Skrevet av Åsa Abusland.
Sist faglig oppdatert 02.05.2019