Ein enkel veg til heilt grei nynorsk - Oppsummeringsøvingar - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhold
Læringssti

Du er nå inne i en læringssti:
Ein enkel veg til heilt grei nynorsk

Oppsummeringsøvingar

Nå er det tid for ein kunnskapssjekk. Først testar du kva du hugsar av lærestoffet, deretter gjer du ei omsettingsøving.

Øving 1

Sjekk kva du hugsar – og repetér i same slengen.

Øving 2

Omsetting

Heilt til slutt skal du jobbe med ei omsettingsøving der du får brukt det meste av det du har lært i denne læringsstien.

Prøv å bruke ordboka minst mogleg. Bruk heller reglane som du har lært:

Verb

Finn ut om du har med eit a-verb, e-verb eller sterkt verb å gjere ved å kontrollere mot kva du seier på din eigen dialekt:

  • I går sykla/syklet jeg: a-verb,
  • I går kjøpte/levde/sydde jeg: e-verb
  • I går sang jeg: sterkt verb (vokalendring, inga ending)

Substantiv

Bruk regelen nedanfor når du skal finne ut om du har med eit hankjønns- eller hokjønnsord å gjere:

  • Om det høyrest greitt ut med a-ending i bestemt form eintal, er det vanlegvis eit hokjønnsord: lampa, natta, tida.
  • Høyrest a-ending heilt rart ut, er det nok eit hankjønnsord.

    "Denne stola er fin" er eit godt eksempel – stol er eit hankjønnsord, det må heite denne stolen.

  • Alle inkjekjønnsorda blir bøygde som ordet barn:

    eit barn – barnet – fleire barn – alle barna

Setningar til omsetting

  1. Jeg har skrevet en roman.
  2. Har du lest boka mi? Den kom ut i fjor.
  3. Flere aviser har kommet med gode kritikker.
  4. Forfatteren Karl Ove Knausgård skriver romaner og essay.
  5. Mange mennesker over hele verden leser hans bøker.
  6. I fjor leste jeg hans nyeste roman.
  7. Jeg mener jeg har funnet oppskriften på hvordan man skriver interessante historier og noveller.
  8. Jeg viste din novelle til redaktøren, og hun kjøpte teksten.
  9. Men hun ville ikke kjøpe dine dikt.
  10. Hvorfor ikke?
  11. Hun hadde allerede lest Annas dikt ... Og du vet jo at hennes dikt er geniale.
  12. Kan ikke du og Trine skrive sammen? Dere to burde bli en duo.
  13. Hva venter dere egentlig på?
  14. Man kan ikke bare bestemme seg for å bli forfatter!
  15. Hvem påstår det?

Skrevet av Åsa Abusland og Marion Federl.
Sist faglig oppdatert 06.05.2019

Siste steg i læringsstien

Du er nå på siste steget i læringsstien Ein enkel veg til heilt grei nynorsk

Gå til faget: Norsk (SF vg1)

Gå til emne: Heilt grei nynorsk