Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Fysisk aktivitet ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ungdom og fysisk aktivitet

I ungdomsåra byrjar forskjellen på det fysiske aktivitetsnivået å bli stort. Medan enkelte ungdommar er svært aktive og driv med idrett, er andre meir passive. Dei mest aktive ungdommane er tre til fire gonger så aktive som dei minst aktive.

Mann skyver en rullestol gjennom tøft terreng. Foto.

Som barne- og ungdomsarbeidar møter du ungdommar i skulen, i ungdomsklubben eller i eit organisert fritidstilbod. Når du jobbar med ungdommar, skal du både leggje til rette for at dei ungdommane som er glade i fysisk aktivitet, held på denne gleda, og du skal prøve å finne aktivitetar som gir dei meir passive lyst til å røre seg meir. Det er viktig at barn får prøvd ulike aktivitetar, og at dei kan velje aktivitet og idrett ut frå egne interesser.

Det ser ut til at barn og ungdom er mindre aktive i helgane enn på vekedagane, og gutar er generelt meir aktive enn jenter. Tal frå Oslo viser at halvparten av jentene på femten år er mindre aktive enn tilrådd.

Kjelde: Saman for fysisk aktivitet, Departementa

Idrett

Ein del barn som har drive med idrett, fell frå i ungdomstida. Dette har nok fleire ulike forklaringar. Det er ikkje eit mål at ungdom skal halde fram med aktivitetar dei ikkje liker, men som barne- og ungdomsarbeidar bør du alltid vere interessert i kvifor ungdommane sluttar. Dersom du kjenner årsaka, kan du også finne ut kva som kan endrast for at ungdommane skal halde fram med idretten. Idretten bør ha rom for alle, både dei som ønskjer å satse på eit høgt nivå, og dei som treng tilrettelegging for å kunne delta.

Korleis stimulere til aktivitet?

Ungdom liker å røre seg, og dei fleste liker også å leike, men dei er kanskje ikkje klar over det. Dersom miljøet dei unge er i, oppmuntrar til ulike aktivitetar, vil dei fleste ungdommane røre seg meir. Nedanfor listar vi opp nokre idear til kva du kan gjere for å auke aktiviteten i denne gruppa.

  • Å ha ballar tilgjengelege fører ofte til at ungdom spelar fotball, handball, kanonball eller andre ballspel.
  • Ein klatrevegg er spennande for mange.
  • Ei dansematte eller eit dartspel skaper meir aktivitet når alternativet er å sitje i ro.
  • Ein snøhaug og nokre akebrett kan få sjølv store ungdommar til å gløyme alt anna ei stund.
  • Å oppfordre til dans i ungdomsklubben gjer at mange kjem seg opp av sofaen.
  • Gjer området tilgjengeleg for alle, tenk universell utforming.
  • Gymsalen kan vere open for bruk, også på fritida.
  • Skateboardramper aktiviserer mange.
  • Ballbingar fører til stor aktivitet.
  • Sykkelbanar, downhill, er populære.
  • Basketbanar aktiviserer.
  • Volleyball- og sandvolleyballbanar er populære.
  • Stupetårn på badestranda er også populært.

Spenning

Ofte har ungdommar som elles ikkje er så aktive, glede av aktivitetar som er nye og spennande. Finn ut kva som eksisterer av aktivitetar i nærmiljøet og presenter desse tilboda for ungdommane. Kanskje finn dei ein aktivitet som dei kan drive med.
Av og til kan det vere lurt å arrangere aktivitetar som er litt uvanlege, og kombinere aktivitet med spenning. Eit slikt eksempel ser du på filmen der ungdom og vaksne har akekonkurranse.

Læringsressursar

Fysisk aktivitet