Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. FørstehjelpChevronRight
  5. DrukningsulykkerChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Drukningsulykker

Barn treng tilsyn når dei oppheld seg i nærleiken av vatn. Drukning kan skje på grunt vatn. Skulle ulykka skje, er det viktig å vite kva ein skal gjere. Drukning er den hyppigaste årsaka til at barn får hjartestans.

Fleire faktorar er avgjerande for kva utfallet av ei drukning eller nesten drukning blir, til dømes

  • kor lenge personen er under vatn
  • om drukninga skjer i saltvatn eller ferskvatn
  • vasstemperaturen – kaldt vatn gir betre sjanse for at personen overlever
  • påverknad av rusmiddel kan redusere sjansen for at personen klarer seg
  • alder – generelt sett klarer barn seg betre enn vaksne
  • generell helsetilstand
  • den hjelpa som blir gitt

Førstehjelp ved drukning eller nesten drukning

Dersom du oppdagar ein person i vatnet, skal du alltid rope på hjelp. Deretter må du få personen opp av vatnet, men set aldri ditt eige liv i fare.

  • Førstehjelp når barnet er vake, er

    • å få av våte klede og sko
    • å få på tørre og varme klede eller teppe
    • å søkje ly for eventuell vind
    • eventuelt å gi barnet noko varmt å drikke
  • Førstehjelp når barnet er medvitslaust, men pustar, er

    • som over
    • å leggje barnet i sideleie
    • å ringje 113 medan du observerer barnet
    • å kontrollere pusten til barnet

Bruk litt tid (opp til 10 sekund) på å lytte etter pust. Du kan til dømes plassere briller, mobiltelefon eller noko anna framfor munnen til personen for å sjå etter dogg, noko som tyder på at personen pustar.

  • Førstehjelp når barnet er medvitslaust og utan pust og puls, er å

    • ringje 113
    • starte hjarte- og lungeredning
      - Start med fem innblåsingar.
      - Utfør 30 kompresjonar og to innblåsingar kontinuerleg til hjelpa kjem.

Dersom ein person har drukna, eller har vore nær ved å drukne, og ikkje pustar, skal ein starte hjarte- og lungeredning etter varsling.
Dersom ein må forlate barnet for å varsle, skal ein utføre HLR i eitt minutt før ein forlèt personen.

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Drukningsulykker"
  1. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for å førebyggje at drukningsulykker skjer?
  2. Lag ei liste over situasjonar der drukning kan skje.
  3. Forklar kvarandre korleis førstehjelp ved drukning skal gjerast.
  4. Tren på hjarte- og lungeredning på ei dokke.
  5. Gjer deg kjent med sidene til Norsk Luftambulanse om drukning.

Oppgåver til filmen "Livredningskurs i skulen"
  1. Kor mange overlever ein hjartestans?
  2. Kva er det elevane har fått i gåve?
  3. Kva trur du om leksa dei får?
  4. Kva er målet med kampanjen?
  5. Kva er riktig førstehjelp ved hjartestans?
  6. «Du lærer aller best av det du lærer bort til andre,» blir det sagt. Kva trur du om denne utsegna?
  7. Kva går den største førstehjelpsaksjonen i verda ut på?
  8. Kva trur du om denne typen opplæring?
  9. Prat med barn som har fått ei slik dokke. Kva har dei lært, kva hugsar dei, og korleis bruker dei dokka?
  10. Prat med lærarar som har teke del i opplæringa. Kva meiner dei om denne aksjonen?

Oppgåver til filmen "Nesten drukning"


  1. Kva rutinar bør barnehagar og skular ha når dei har med seg barn i bassenget?
    Prat gjerne med nokre som jobbar i ein barnehage eller skule om kva rutinar dei har.
  2. Kan du forklare kvifor ulykker kan skje sjølv om ein har gode rutinar?
  3. Korleis utfører du livredning dersom det blir nødvendig?
    Dersom det er mogleg, kan du be ein faglærar eller kroppsøvingslærar om å halde eit kort livredningskurs for dykk.
  4. I filmen blir det fortalt om barn og foreldre som har opplevd dette som skremmande, og som får oppfølging på skulen.
    • Tenk deg at du var med då dette skjedde. Foreldra til barnet må orienterast, men kven skal gjere det, og korleis skal det skje?
    • Kva er grunnen til at dei andre barna også treng hjelp til å takle denne situasjonen?
    • Korleis ville du ha prata med dei andre barna om slike situasjonar?
  5. Ta kontakt med kommunen eller bydelen din og spør om kva rutinar dei har for kriser som rammar barn og unge.

Læringsressursar

Førstehjelp

SubjectEmne

Fagstoff